Ronaldo må ikkje forvekslast med den portugisiske fotballspelaren Cristiano Ronaldo eller den brasilianske fotballspelaren Ronaldinho.
Ronaldo Luiz Nazário de Lima () er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Rio de Janeiro. Ronaldo var ein av verdas beste fotballspelarar i åra kring 2000.
Karriere
Ronaldo sin sportskarriere starta som tiåring i eit lokalt brasiliansk lag. I 1993 starta den vaksne karrieren hans i brasilianske Cruzeiro. Allereie året etter debuterte han for internasjonal fotball i nederlandske PSV Eindhoven. Same året kom han med på det brasilianske landslaget, som han spelte for heilt til han pensjonerte seg frå proff-fotballen. Han var med i troppen til Brasil både i Fotball-VM 1994, Fotball-VM 1998, Fotball-VM 2002 og Fotball-VM 2006, og skåra mål i dei tre seinaste meisterskapane. Brasil vann to av dei, i 1994 og 2002. I 2002 vart Ronaldo attpåtil toppskårar med åtte mål. Til saman skåra han heile femten mål i verdscupen, noko som er verdsrekord. Den førre rekorden var på fjorten mål, sett av Gerd Müller.
På klubbnivå spela han for fleire lag i Spania og Italia frå 1994 - 2008. I 2009 vendte han nasen heim att mot Brasil og spelte for klubben Corinthians dei siste åra av karrieren sin. Ronaldo trekte seg tilbake frå profesjonell fotball i 2011 grunna helseplager. Den siste kampen hans var ein venskapskamp mot Romania som fann stad i São Paulo.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ronaldo» frå , den 26. april 2011.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Folk frå Rio de Janeiro Kategori:PSV-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Corinthians-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006