Télévision Nationale d'Haïti (TNH) er den statlege fjernsynskringkastaren i Haiti. Han vart stifta 23. desember 1979 under Informasjons- og koordineringsdepartementet, og var den andre fjernsynsstasjonen i Haiti etter Télé Haïti som hadde kanal 2 og 4, der den sistnemnde var på engelsk. TNH sender både på fransk og haitisk.

I 1987 vart han slått saman med den statlege Radio Nationale til eit nettverk som vart kalla RTNH (Radio Télévision Nationale d’Haïti) og i 1995 tok Kulturdepartementet i Haiti over nettverket.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Télévision Nationale d'Haïti» frå , den 29. april 2011.

Bakgrunnsstoff Nettstaden til TNH

Kategori:Haitisk kultur Kategori:Statlege kringkastingsselskap Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Haitiske føretak