«Kooks er ein song skriven av David Bowie frå 1971 for albumet Hunky Dory. Bowie skreiv songen til den nyfødde sonen Duncan Jones. Songen var ein etterlikning av Neil Young frå tidleg i 1970-åra. Bowie lytta til ei Neil Young-plate heime då han fekk melding om at sonen var fødd.Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.218 Mindre enn ei veke etter fødselen spelte Bowie songen på BBC. På plateomslaget stod det skrive ved sidan av songen, «For Small Z.»
Ken Scott, produsenten til Bowie, likte songen særs godt og meinte at Bowie burde lage eit album med barnesongar. Bowie syns det var ein god ide, men gjennom førte det aldri.
Konsertversjonar
Han vart spelt inn for BBC In Concert-showet med John Peel 3. juni 1971 og sendt 20. juni 1971. I 2000 vart denne innspelinga gjeven ut på Bowie at the Beeb. Songen vart igjen spelt inn for BBC-programmet «Sounds of the Seventies» med Bob Harris den 21. september 1971 (fødd 4. oktober 1971).
Medverkande David Bowie: vokal, akustisk gitar Trevor Bolder: bassgitar, trompet Rick Wakeman: piano Mick Ronson: strykearrangement Mick Woodmansey: trommer
Andre versjonar Robbie Williams - Bonusspor på singelen «Old Before I Die» Smashing Pumpkins - Parsian Black Session Danny Wilson - Single/David Tindersticks - Bowie Songbook Andrea Perry - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003) The Abbreviations BP - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) Kim Wilde - Snapshots, 2011 Elizabeth Mitchell - Blue Clouds, 2012
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kooks (song)» frå , den 1. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie