Alexander Toft Søderlund () er ein norsk fotballspelar som i 2011-sesongen spelar i angrep for Haugesund i Tippeligaen. Han vart seriemeister på Island med Fimleikafélag Hafnarfjarðar i 2009.

Søderlund begynte karrieren sin i FK Haugesund og vart tidleg rekna som eit stort talent, men han var ofte skada og kom ikkje med på Haugesund sitt A-lag. I 2006 gjekk han difor til FKH sin veslebror, Vard Haugesund, der han fekk seriedebuten sin. Før overgangen til Vard fekk han òg ein kamp for Noreg sitt U21-landslag. Mens han var i Vard, var Søderlund på prøvespel Lecce og Pisa i italiensk Serie B, men utan at det vart nokon overgang."Prøver seg i Serie B" frå Haugesunds avis, 7. november 2007 Han var òg på prøvespel hjå den franske tredjedivisjonsklubben Entente, som tilbaud han kontrakt, men dette vart ikkje noko av då Vard ikkje ville la han gå gratis."Søderlund ønsket av fransk klubb" frå Haugesunds avis 7. august 2007 Men Søderlund var svært lysten på å spela i utlandet og skreiv under kontrakt med den italienske fotballagenten Corvino Polomba."Søderlund signerte kontrakt i Italia" frå Haugesunds Avis 1. desember 2006 Sommaren 2008 fekk han kontrakt for Serie B-klubben Treviso."Til Treviso i morgen" frå Haugesunds avis 16. juli 2008

Treviso vart heller ingen stor suksess for rogalendingen. I sesongoppkøyringa fekk han spela mykje og skåra òg mål,"Scoret i debuten" frå Haugesunds Avis 24. juli 2008 men hamna så på juniorlaget til Treviso. I august 2008 vart han lånt ut til det belgiske andredivisjonslaget UR Namur. Hjå botnlaget Namur spelte han tre kampar utan å skåra, før han vart henta attenda til Italia etter tre månader.

Mot slutten av 2008/09-sesongen gjekk Treviso mot nedrykk og konkurs, og prøvde iherdig å få avsetning for spelarane sine. Søderlund hamna denne gong på Island, hjå dei islandske meisterane Fimleikafélag Hafnarfjarðar på utlån for den islandske 2009-sesongen."Klar for Mesterligaen" frå Haugesunds avis 3. april 2009Norskur framherji til FH-inga (på islandsk) frå Morgunblaðið 11. mars 2009 Her fekk han fast plass på laget, fekk oppleva Meisterligaspel og var med på å vinna the double på Island.

Etter utlånsperioden til Island løyste Treviso Søderlund frå kontrakten. Han var så på prøvespel hjå den italienske tredjedivisjonsklubben Calcio Lecco i januar 2010,"Lecco, in prova Söderlund" (på italiensk) frå TuttoMercatoWeb 18. januar 2010"Norvegese in prova al Lecco E' l'attaccante Söderlund" (på italiensk) frå La provincia di Lecco 19. januar 2010 og fekk kontrakt for fire månader med klubben. Han fekk spela dei fleste kampane, men mest som innbytar. Lecco rykte ned frå Serie C etter sesongen."Tilbake i Vard" frå Haugesunds avis 26. mai 2010

Hausten 2010 var Søderlund tilbake i Vard Haugesund. Etter 2010-sesongen prøvespelte han for FK Haugesund og imponerte nok til å få ein toårskontrakt med Tippeligaklubben frå januar 2011."Alexander Søderlund skrev under 2-års kontrakt med FKH" frå nettsidene til FK Haugesund Vard fekk ein overgangssum for spelaren."Trente seg til kontrakt" frå Fædrelandsvennen 13. desember 2010 Han spelte frå start i Haugesund sin opningskamp i 2011-sesongen og skåra dei to første tippeligamåla sine heime mot Stabæk 8. mai 2011.

Kjelder Denne artikkelen begynte med omsett stoff frå tysk Wikipedia 2. mai 2011.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Folk frå Haugesund