«Lady Grinning Soul» er ein ballade skriven av David Bowie, og er den siste songen på albumet Aladdin Sane, gjeven ut i 1973. Det første møtet til Bowie med den amerikanske soulsongaren Claudia Lennear i 1972 vert ofte omtalt som inspirasjonen til songen.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.56"Lady Grinning Soul" at The Ziggy Stardust Companion
Stilen på songen er vorte samanlikna med eit James Bond-tema.Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29 Meldinga til Rolling Stone då albumet kom ut skildra synginga til Bowie som «den mest ekspansive og ekte på heile albumet», medan forfattar Nicholas Pegg reknar songen som «ein av dei mest undervurderte Bowie-songane … ganske annleis alt anna han nokon gong har gjort.»Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.117
Songen opnar i fiss-moll og går gjennom mange uventa modulasjonar. Bowie syner spennvidda i vokalen sin mot slutten og når ei rekkje høge tonar (Giss5, G5, Fiss5, Diss5). Giss5 er den høgaste tonen Bowie nokon gong song på eit studioalbum.
Songen vart nytta i filmane The Runaways i 2010 og Diana Vreeland: The Eye Has to Travel (2012).
Mike Garson spelar ein pianointro som gjev ein smak av vokalmelodien frå versa og legg til ein spansk smak. Gjennom versa spelar han raske arpeggioar med høgrehanda, medan Bowie syng. Garson skildra spelinga si som «omtrent så romantisk som det kan bli … fransk med litt Franz Liszt inn i der».David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.187-188 Mick Ronson spelar ein spanskaktig akustisk gitarsolo mot arpeggioane til Garson. Songen vert avslutta med ein elektrisk gitarsolo, med fyldige vibrato-tonar.
Bowie spelte aldri songen på konsertar.
Andre utgjevingar Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Let's Spend the Night Together» i juni 1973. Han var òg B-side til den spanske versjonen av singelen «Sorrow» i november 1973. Den amerikanske utgåva av singelen «Rebel Rebel» hadde «Lady Grinning Soul» som B-side. Songen finst som B-side på den japanske utgåva av singelen «1984» frå april 1974.
Andre versjonar Box Office Poison – Singel Ulf Lundell – Sweethearts (svensk omsetjing kalla «Elden») Paul Roberts – Faith (1999) Lucia Micarelli – instrumentalversjon på Music From a Farther Room (2004) Camille O'Sullivan – Changeling (2012) Anna Calvi – Strange Weather (EP) (2014)
Medverkande David Bowie: vokal, akustisk gitar Mike Garson: piano Mick Ronson: elektrisk gitar David Sanborn: saksofon Trevor Bolder: bassgitar Woody Woodmansey: trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lady Grinning Soul» frå , den 3. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Rockeballadar