mini|300px|Ulike nasjonar representerte av sine nasjonaldyr: Den russiske bjørnen, den franske hanen, den amerikanske og den tyske ørna, den engelske løva, den austerrikske dobbeltørna, den italienske ulven og kanskje ein japansk mårhund (tanuki) rundt den kinesiske draken. Teikninga blei brukt til å illustrera den internasjonale politiske situasjonen i 1900 der vestlege land kjempa om tilgang til Kina. mini|Den engelske løva og den kanadiske beveren går til kamp «for siger». Propagandaplakat frå andre verdskrigen. Nasjonaldyr kan vera dyr som blir rekna som særleg representative for eit land og/eller dei blir brukte i andre nasjonalsymbol. Mange nasjonaldyr har opphav i kongelege symbol, og er ein grunn til at mange land bruker «kongelege» dyr som ørn og løve som nasjonale symbol. Nokre nasjonaldyr kan ta utgangspunkt i lokal mytologi. Andre byggjer på dyrelivet som finst i landet.

I mange nordeuropeiske land er løve eit symbol på kongsmakta og finst i riksvåpen. Løva er rekna som konge av dyra, og tradisjonen med å bruka henne som symbol på kongsmakt skriv seg frå normannarane.Oninas, J. (2004): Significant pre-figuration of medieval heraldry, frå Atlas of World Art, side 58 I Mellom-Europa er det fyrst og fremst ørnar, gjerne kongeørn, ein har brukt som symbol. Dette kjem opphavleg frå den romerske Aquila, ein forgylt ørn alle legionane bar meg seg som eit symbol på keisermakta.Yates, J. (1875): Signa Militaria",, frå A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, side  1044–1046 Romarriket sitt eige nasjonalsymbol var likevel ulven som fostra opp Remus og Romulus, og ulv er fortsatt rekna som nasjonaldyr for Italia.Wiseman, T.P. (1995): Remus: a Roman myth, Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-48366-7 Den dobbelthovuda ørnen ein finn i mange austeuropeiske land kjem frå Austromarriket (Bysants).Soloviev, A.V. (1935): Les emblèmes héraldiques de Byzance et les Slaves. Seminarium Kondakovianum no 7, side 119–164.

Land kan ha representantar for ulike dyreslag som nasjonaldyr, til dømes ein eigen nasjonalfugl.

Oversyn over nasjonaldyr

Albania: Ørn med to hovud, brukt i det albanske flagget og riksvåpenet. Algerie: Fennek, brukt i idrettssamanheng. Det algeriske fotballandslaget blir kalla «les Fennecs». Antigua og Barbuda: Dåhjort, som blei innført hit frå Europa og ikkje lever på nokre andre karibiske øyar. Det marine nasjonaldyret er karettskjelpadde.National Symbols Of Antigua & Barbuda ved antiguanet.net Austerrike: Svart ørn, brukt i det austerrikske riksvåpenet Australia: Emu og kenguru, begge brukt i det australske riksvåpenet Bangladesh: Tiger (bengaltiger, bagh)National Icons, bangla2000.com Aust-Timor: Krokodille, kjend i soger som opphavet til øya Timoretan.org Canada: Bever, eit viktig dyr for kanadiske urfolk som huronar og for den økonomiske utviklinga til Canada. Symbolbruken går minst tilbake til 1600-talet. Chile: Andeskondor, huemul (liten hjort) Danmark: Løve i riksvåpenet Egypt: Saladin-ørn i flagg og riksvåpen. England: Løve i riksvåpenet. Løva er i røynda frå det skotske riksvåpenet, riksvåpenet til England er heraldisk sett tre leopardar som vender andletet mot sjåaren (en face).Neubecker, O. (1973): Heraldik (dansk). McGraw-Hill, Maidenhead, England. ISBN 87-7321-063-3, Side 64-65 Estland: Ulv Finland: Løve i riksvåpenet, svane, brunbjørn, åbor Frankrike: Hane Guatemala: Ketsalar India: Elefant, tiger (bengaltiger)National Animal of India, culturalindia.net, National Symbols , indianembassy.hr Indonesia: Ørn i riksvåpenet Japan: Fasanar Kina: Drake, panda Laos: Elefant Malaysia: Tiger (malaysiatiger) Mexico: Kongeørn Montenegro: Løve i riksvåpenet Nederland: Løve i riksvåpenet New Zealand: Kiviar Noreg: Den norske løva i riksvåpenet. I fleire avstemmingar i Nitimen har elgen vorte kåra som nasjonaldyr.Henriksen, H. & Storaas, H. (1999): Elg som en økonomisk ressurs: en kunnskapsoversikt . Høgskulen i Hedemark, rapport 13. Side 11 Fossekall er nasjonalfuglen. Pakistan: SkruegeitBasic Facts , Ministry of Information and Broadcasting, Government of Pakistan, infopak.gov.pk Panama: Harpyørn Papua Ny-Guinea: Paradisfuglar i flagg og riksvåpen. Polen: Kvit ørn i riksvåpenet Portugal: Hane Québec: Snøugle Russland: Gullørn, bjørn Skottland: Einhyrning,; ; ; ; i kongeleg samanheng også representert av ei raud løve. Serbia: Kvit ørn i riksvåpenet Singapore: Merlion, løve i riksvåpenet Sverige: Løve i riksvåpenet Sør-Korea: Tiger Sør-Sudan: Flodørn i riksvåpenet, lever i store delar av landet Spania: Okse Thailand: Elefant Storbritannia: Løve i riksvåpenet Tsjekkia: Løve i riksvåpenet Tyskland: Svart ørn (Bundesadler) i riksvåpenet, panter USA: Kvithovudhavørn, brukt i riksvåpenet Venezuela: Brilletrupial Wales: Raud drake i flagg og landskapsvåpen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nasjonalsymbol» frå , den 4. mai 2011. Denne artikkelen bygger på «List of national animals» frå , den 4. mai 2011.

Fotnotar

Kategori:Nasjonalsymbol Nasjonalsymbol

mr:राष्ट्रीय प्राणी