Banden er eit radioprogram som vart kringkasta på NRK P3 frå 2009 til 2012, måndag til torsdag og sundagar. Programleiarar var Ken Wasenius-Nilsen (måndag til torsdag) og Sven Bisgaard Sundet (sundag). Programmet vart sendt fyrste gong måndag 12. januar 2009.«Bandepremiere mandag», nrk.no/banden 9. januar 2009, vitja 23. desember 2009 Banden var eit framhald av programmet Osenbanden, som gjekk på kanalen til og med 31. desember 2008.
Programmet var, som Osenbanden, eit humorprogram med substans der programleiar og reporterar tok ope stilling i saker. Programmet vart sendt frå Tyholt i Trondheim, men hadde reporterar i Tromsø og Oslo.
Banden I tillegg til Ken Wasenius-Nilsen hadde Banden følgjande medarbeidarar:«Banden», nrk.no/banden, vitja 23. desember 2009 Jøte Toftaker, vaktsjef og produsent Mathias Nylenna, vaktsjef, produsent og reporter Anne Dorte Lunås, vaktsjef, produsent og reporter Ludvig Løkholm Lewin, reporter Grete Strøm, reporter og programleiar Nareas Sae-Khow, reporter Sven Bisgaard Sundet, reporter Selena Konjhodzic, reporter Eirik Stokstad Brødholt, reporter Frid Kvalpskarmo Hansen, reporter Tore Sannbakk, reporter I tillegg arbeider desse to med programmet, utan å vera «på lufta»: Jørn Høssevik, teknikar Olga Persson, programsekretær
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Banden» frå , den 5. mai 2011.
Bakgrunnsstoff Bandens blogg
Kategori:Underhaldningsprogram Kategori:Radioprogram