Wilhelm Ludvig Børresen () var ein norsk kontorist, lensmann og stortingsmann frå Trondheim. Han representerte Venstre.

Børresen var son til ein portnar ved tukthuset i Trondheim. Sjølv var han åra 1873-77 tilsett hos ein kjøpmann i byen. Frå 1877 til -80 arbeidde han på sorenskrivarkontoret for Nordmøre, deretter sju år på amtskontoret i Molde. Tida 1887-90 var han fullmektig same staden, til han 1890 vart lensmann i Vestnes. Samstundes var han gardbrukar og kasserar for Reknes hospital sitt fond. Han var styreformann i Molde håndverkeres sparebank, og sidan med i styret for Vestnes Sparebank.

Børresen representerte Romsdals amt på Stortinget 1892-1900 og 1903-06. Heile tida var han medlem av protokollkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Trondheim