«“Heroes”» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, skriven i lag med Brian Eno og produsert av Bowie og Tony Visconti. Han vart spelt inn i juli og august 1977 i Hansa Studio by the Wall. Han vart gjeven ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet hans med same namn, med B-sida «V-2 Schneider». Songen kmo ut i Berlinperioden til Bowie og songen vart ikkje ein stor hit verken i Storbritannia eller USA då han kom ut, men han har sidan vorte ein av signaturlåtane hans. I januar 2016 etter Bowie døydde, nådde songen 12. plassen på UK Singles Chart. «“Heroes”» er rekna som den nest mest covra låten til Bowie etter «Rebel Rebel».

Bowie vart inspirert til teksten då han såg produsenten Tony Visconti omfamne kjærasten sin ved Berlinmuren og songen fortel ei soge om to kjærastar, ein frå Aust- og ein frå Vest-Berlin. Framføringa til Bowie av «“Heroes”» den 6. juni 1987 ved den tyske Riksdagen i Vest-Berlin har blitt rekna som ein katalysator for at Berlinmuren seinare fall. Etter at Bowie døydde i januar 2016 takka den tyske regjeringa Bowie for å ha «hjelpt til med å bringe ned muren», og sa «du er no blant heltar».

«“Heroes”» har fått mykje lovord sidan han kom ut, og finst på mange lister over dei beste songane gjennom tidene. Rolling Stone kåra han til den 46. beste songen og NME til den 15. beste. Bowie-forfattaren David Buckley har skrive at «“Heroes”» «er kanskje popens definitive melding om den potensielle triumfen til menneskeanda over motgang».

Tittel og tekst Tittelen på songen er ein referanse til «Hero» av det tyske krautrockbandet Neu! frå 1975,Mat Snow (2007). "Making Heroes", MOJO 60 Years of Bowie: s.69 som Bowie og Eno var tilhengjarar av. Det var ein av dei første songane dei spelte inn for albumet, men han vart verande ein instrumental til slutten av produksjonen.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 90–92 Hermeteikna i tittelen vart sett inn for å vise til den ironiske meininga av uttrykket i den elles romantiske og triumferande teksten og musikken.NME interview in 1977 with Charles Shaar Murray . Henta frå Bowie: Golden Years 20. februar 2007. Produsent Tony Visconti tok æra for å ha inspirert til biletet av dei to kjærastane som kyssar kvarandre ved «muren», då han og korvokalist Antonia Maaß omfamna kvarandre, medan Bowie såg dei frå vindauget i Hansa Studio.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.323-326 Bowie sa då songen kom ut at personane i songen var eit ukjend, ungt par, men Visconti, som var gift med Mary Hopkin på denne tida, meiner at det var fordi Bowie ikkje ville avsløre forholdet hans til Maaß til nokon. Bowie stadfesta dette i 2003, over to tiår etter Visconti og Hopkin var skilde.

Musikk Bowie sa at det «det jamne tempoet og rytmen» var inspirert av Velvet Underground-songen «I'm Waiting for the Man».

Richard Buskin i Sound on Sound skildra «“Heroes”» som eit «særs eksperimentelt stykke kunstrock». Musikken, skriven av Bowie og Eno, består av to akkordar (D-G) med «korte ekskursjonar til kjende akkordar» i G-dur. Biografen David Buckley har samanlikna songen med ein Wall of Sound-produksjon, med eit mektig og støyande arrangement av gitarar, perkusjon og synthesizerar. Eno har sagt at musikalsk har stykket alltid høyrdest «storarta og heroisk ut» og at han hadde «akkurat det ordet - heroes - i tankane, sjølv før Bowie byrja å skrive teksten». Det grunnleggande akkompagnementet bestod av eit vanleg arrangement med piano, bassgitar, rytmegitar og trommer. Dei andre partane bestod av syntheziser av Eno med hjelp av ein EMS VCS3 skapte lågfrekvente bordun-tonar, med ein rytmefrekvens frå tre oscillatorar som produserte ein skjelvande effekt. I tillegg skapte King Crimson-gitarist Robert Fripp ein uvanleg vedvarande lyd på gitaren, skapt av feedback ved at han sat forskjellige stader i rommet for å endre tonen på feedbacken. Visconti miksa ut basstromma til Dennis Davis og sa at songen verka å «gå tungt» med tromma, men hadde ei meir energisk kjensle utan denne.https://www.soundonsound.com/techniques/classic-tracks-david-bowie-heroes

Vokalsperre-effekt Vokalen til Bowie vart spelt inn etter at dei fleste studiomusikarane hadde reist frå Berlin. Visconti rigga eit system med tre mikrofonar for å fange den episke vokalenHodgson, Jay (2010). Understanding, p.88. ., med ein mikrofon like føre Bowie, ein 7 meter unna og den siste 17 meter unna. Mikrofonane hadde lydsperrer som opna seg når volumet frå stemma til Bowie vart høg nok, slik at berre den første var open for den rolegare vokalen i starten av songen, den andre opna seg når vokalen vart litt høgare, og alle tre av dei opna seg for dei mest høglydte partia. Dette skapte progressivt meir klang og atmosfære etter høgare vokalen vart.Richard Buskin (October 2004). "Classic Tracks: Heroes", Sound on Sound. Henta 9. mai 2011. Jay Hodgson skreiv «Framføringa til Bowie veks så i intensitet i takt med at stadig meir atmosfære fyller leveringa hans, før han i siste verset må rope for å bli høyrd ... Jo meir Bowie roper, berre for å bli høyrd, jo lenger bak i miksen til dette fleirdelte systemet til Visconti pressar vokalsporet seg og skapar ein sterk metafor for situasjonen kring dei dømde kjærastane Bowie syng om.»Hodgson (2010), p. 89.

Utgjeving og etterverknad «"Heroes"» vart gjeven ut på forskjellige språk og forskjellige lengder (ein samlar sin våte draum i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray). I motsetnad til den forbløffande studiosituasjonen, vart videoen (regissert av Stanley Dorfman) naken og enkel, der Bowie syng songen i eit enkelt opptak, filma frå forskjellige vinklar, i eit mørkt rom føre ein lyskastar.

«“Heroes”» kom ut 23. september 1977 som den første singelen frå det 12. studioalbumet til Bowie med same namn på RCA Records med ei lengd på 3:32 og albumsporet «V-2 Schneider» som B-side. Han kom så ut med ei lengd på 6:07 som det tredje sporet, mellom «Joe the Lion» og «Sons of the Silent Age», på albumet i oktober same året. Ein annan 12"-singel inneheld både singel- og albumversjonen, og kom ut i USA på RCA Victor (as RCA / JD-11151) same året. Den tyske og franske versjonen, kalla høvesvis «"Helden"» og «"Héros"», kom ut på RCA (RCA / PC-9821).

Trass i at singelen vart marknadsført, mellom anna med den første framferda til Bowie på Top of the Pops sidan 1972, nådde berre singelen 24. plassen i Storbritannia og nådde ikkje lista i det heile i USA. I Italia selde singelen til gullplate.

Mottaking og ettermæle

Charlie Gillett skreiv for NME då plata kom ut: «Vel han hadde eit ganske godt løp for pengane våre, for ein fyr som ikkje var noko songar. Men eg trur tida hans har vore og gått, og dette høyrest berre sliten ut. Så igjen, kanskje det store, tunge riffet vil bli absorbert på radioen, og den monotone kjensla kan berre vere hypnotisk nok til å trekke folk til å kjøpe ho. Eg håar ikkje det.» Trass i den dårlege meldinga vart songen plassert på sjetteplassen på årslista til NME for 1977.

Seinare har kritikken vore god. I februar 1999 kåra Q Magazine «"Heroes"» som ein av dei 100 beste singlane gjennom tidene. I mars 2005 plasserte det same magasinet songen på 56. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 46. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen var med på lista til Pitchfork Media over dei «500 beste songane frå punk til i dag» i 2008. John J. Miller frå National Review rangerte «"Heroes"» på 21. plass på ei liste over «dei 50 største konservartive rockesongane»John J. Miller (26. mai 2006). . Henta 20. februar 2007. på grunn av den anti-sovjetiske, politiske konteksten. Songen vart òg ein homo-hymne. Uncut plasserte øvst på lista si over dei 30 beste Bowie-songane i 2008.

Bowie har ofte spelt songen på konsertane sine. Songen har vorte mykje nytta i reklamefilmar, mellom anna for Microsoft, Kodak, CGU Insurance, HBO Olé (HBO Latin America) og forskjellige idrettsarrangørar verda over. Heroes finst i videospelet Rock Band.

Songen vart spelt under innmarsjen til deltakarane i opningsseremonien til sommar-OL 2012 i London då dei britiske utøvarane entra stadion.

Moby har sagt at «“Heroes”» er ein av favorittsongane hans og meinte det var «uungåeleg» at musikken hans kom til å bli inspirert av denne songen, og Dave Gahan, frontmann og songar i Depeche Mode, vart henta inn i bandet då bandsjefen Vince Clarke høyrde han syngje «“Heroes”» under ein jam.

Lovord

PublikasjonLandLovordÅrPlasseringTIME USA «All-Time 100 Songs» 2011 Rolling Stone USA «500 beste songane gjennom tidene» 2003 46NME Storbritannia «100 beste singlane gjennom tidene» 2002 5NME Storbritannia «500 beste songane gjennom tidene» 2014 15NME Storbritannia «100 beste songane i levetida til NME...så langt» 2012 3NME Storbritannia «NME-lesarane sine favorittsongar siste 60 åra» 2012 16NME Storbritannia «Beste songar frå 1970-åra» 2014 4NME Storbritannia «David Bowie sine 40 beste songar» 2014 1Mojo Storbritannia «Dei 100 beste singlane gjennom tidene» 1997 34Sounds Storbritannia «Tidenes 100 beste singlar» 1985 2Q Storbritannia «Q-lesarane sine 100 beste singlar gjennom tidene» 1999 36Pitchfork USA The Pitchfork 5002008 Pitchfork USA «Dei 200 beste songane frå 1970-åra» 2016 6Radio X Storbritannia «Dei 1000 beste songane gjennom tidene»201024Radio X Storbritannia «Beste britiske»20167Uncut Storbritannia «David Bowie sine 30 beste songar» 2008 1

N/A indikerer uordna liste.

Innhald Alle songar skrivne av David Bowie og Brian Eno, utanom der andre er nemnde 7" vinyl RCA / PB 11121 «“Heroes”» – 3:38 «V-2 Schneider» (Bowie) – 3:10

12" vinyl RCA / JD-11151 (US promo) «“Heroes”» (Album version) – 6:07 «“Heroes”» (Single version) – 3:29

RCA / PC-9821 (Tyskland) «“Heroes”» / «'Helden'» (English/German version) – 6:09 «“Heroes”» / «'Héros{» (English/French version) – 6:09

Medverkande I følgje biografen Chris O'Leary: David Bowie – solo- og korvokal, piano, ARP Solina String Ensemble, Chamberlin, produsent Robert Fripp – sologitar Carlos Alomar – rytmegitar George Murray – bassgitar Dennis Davis – trommer Brian Eno – EMS VCS 3-synthesiser, gitarhandsamingar Tony Visconti – produsent, miksar, metallboks, korvokal, tamburin, lydband som perkusjon

Salslister og salstrofé

Salslister Vekeslister

Liste (1977–78)PlasseringAustralia (AMR)11 USA Record World Singles Chart 101–150 126

Liste (2016)PlasseringJapan Hot Overseas (Billboard)18Portugal (AFP)32

Årslister Liste (2019) Plassering Portugal (AFP) 1683

Salstrofé

Konsertversjonar Før singelen kom ut, framførte Bowie songen i den siste episoden av TV-showet til venen Marc Bolan på Granada Television, Marc (filma 7. september 1977, sendt 28. september 1977, after Bolan's funeral). Denne særskilde versjonen, gjeven ut på ein 7" biletplate 22. september 2017, har eit alternativt akkompagnement som vart spelt inn med Bolan på sologitar og T.Rex-medlemmane Dino Dines på klaverinstrument og rytmeseksjonen Herbie Flowers på bass og Tony Newman på trommer. Før dei vart med T.Rex, spelte Flowers og Newman bass og trommer på Bowie-albumet Diamond Dogs, den påfølgjande turneen, inkludert konsertalbumet David Live. Bowie spelte songen då han deltok på Bing Crosby sin julespesial i 1977, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas. Dette vart filma 11. september 1977 og Bowie song over eit førehandsinnspelt akkompagnement. Den 20. oktober 1977 song Bowie songen på BBC-programmet Top of the Pops, med eit nytt akkompagnement som vart spelt inn dagen før av Bowie, Tony Visconti, pianisten Sean Mayes og gitaristen Ricky Gardiner. Konsertopptak frå Isolar II-turneen har kome ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).