«Look Back in Anger» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie og Brian Eno for albumet Lodger (1979). Han omhandlar «ein sjaskete 'dødsengel'»,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.106 og har ein gitarsolo av Carlos Alomar.

RCA Records var usikre på om Amerika var klare for den seksuelt androgyne «Boys Keep Swinging»,Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.43 den første singelen frå Lodger i dei fleste område, og «Look Back in Anger» vart gjeven ut i staden.Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.131 B-sida var ein annan song frå Lodger, «Repetition». Singelen nådde ikkje lista.

«Look Back in Anger» har fått blanda kritikk hos Bowie-kommentatorane. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra songen som «truleg det lågaste punktet» på albumet, medan Nicholas Pegg reknar det som «eit av dei dramatiske høgdepunkta». Chris O'Leary har kalla det «ein av dei sterkaste songane til Bowie frå seint i 70-åra».Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976–2016: p.128

Bowie framførte songen på på Serious Moonlight-turneen i 1983 og omarbeidd til ein tung rockesong for turneane Outside- og Earthling-turneane.

Innhald «Look Back in Anger» (David Bowie, Brian Eno) – 3:08 «Repetition» (Bowie) – 2:59

Medverkande Produsentar: Tony Visconti David Bowie Musikarar: David Bowie: vokal, gitar Dennis Davis: trommer George Murray: bass Carlos Alomar: gitar Sean Mayes: piano Brian Eno: synthesizer, hestetrompet, valthorn Tony Visconti: korvokal

Musikkvideo David Mallet regisserte ein video for songen, med Bowie i studioet til ein kunstnar. Scenarioet var basert på avslutninga i Oscar Wilde sin The Picture of Dorian Gray, som eit sjølvportrett av hovudpersonen som vert meir og meir vakker, medan han sjølv vert fysisk styggare.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.355

Andre utgjevingar Songen finst på samleplatene: Chameleon (Australia/New Zealand 1979) Christiane F. (1981) Golden Years (1983) Sound and Vision (1989) The Singles Collection (1993) The Best of 1974/1979 (1998) The Platinum Collection (2005/2006) Eit konsertopptak frå 12. september 1983 kom ut på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988) i 2018 og gjeven ut separat året etter. Eit filmopptak av songen kom ut på konsertvideoen Serious Moonlight. I 1988 spelte Bowie inn ein «ny, brutal versjon av songen» med Reeves Gabrels på gitar og Erdal Kizilcay på bass og trommer. Det var det første arrangementet Bowie og Gabrels samarbeidde på, før dei kort tid etter danna bandet Tin Machine.David Buckley (1999). Ibid: s.449-450 Innspelinga vart gjeven ut som eit bonusspor på Rykodisc-utgåva av Lodger i 1991.

Andre versjonar Kaligare - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Swans of Avon - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997) Tender Fury - Thoughts of Yesterday (1992)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Look Back in Anger (song)» frå , den 9. mai 2011.

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Brian Eno Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet