Daniel Gabriel Alessandro Saucedo Grzechowski, kjend som Danny Saucedo, () er ein svensk songar og låtskrivar. Han var deltakar i den svenske versjonen av Idol i 2006, og kom på sjetteplass. I 2009, 2011 og 2012 enda han på høvesvis ein tredjeplass og to andreplassar i Melodifestivalen.
Eurovision
Eurovision Dance Contest 2008 Saucedo deltok i Eurovision Dance Contest 2008 i Glasgow i Storbritannia med Jeanette Carlsson og enda på tolvteplass med 38 poeng; fire poeng frå juryen, ti poeng frå Danmark, sju poeng frå Finland, fire poeng frå Polen, tre poeng frå Austerrike og Portugal, to poeng frå Storbritannia, Russland og Hellas og eitt poeng frå Litauen.
Melodifestivalen 2009 Saman med gruppa E.M.D. deltok han i Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, med «Baby Goodbye». Han hadde òg vore med på å skrive songen. Gruppa vart fyrst vald ut som joker, og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til semifinalane. Dei vann den tredje semifinalen, men enda til slutt på tredjeplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.
Melodifestivalen 2011 mini|Danny Saucedo (midten) med to dansarar under prøvane til Melodifestivalen 2011. I Melodifestivalen 2011, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, deltok han som soloartist og låtskrivar med «In the Club». Han vann den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen der han enda på andreplass, og fekk ikkje representere Sverige.
Eurovision Song Contest 2011 Saucedo fekk presenterte dei svenske røystene i finalen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.
Melodifestivalen 2012 For andre år på rad, og for tredje gong, deltok Saucdo med den sjølvskrivne songen «Amazing» i Melodifestivalen 2012, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Denne gongen vann han den fyrste semifinalen, men enda til slutt på andreplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.
Melodifestivalen 2013 I 2013 var han programleiar for Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, saman med Gina Dirawi, som òg var programleiar då Saucedo deltok i 2012. I den fyrste semifinalen framførte Saucedo og Dirawi «Karl för sin kostym» saman med Kristian Luuk, Lena Philipsson og Eva Hamilton. Veka etter framførte programleiarane ein Bollywoodversjon av «In the Club». Den nye tittelen vart «Indie Club» og var ein humorversjon av originalen. I den tredje semifinalen framførte dei eit steppnummer i 40-talsstil saman med Rennie Mirro og Karl Dyall. I den fjerde semifinalen song Saucedo saman med Alcazar. Dei framførte låtane Alcazar tidlegare hadde delteke med i Melodifestivalen. I andresjansen framførte programleiarane og Jedward songen «Lipstick», som Jedward representerte Irland med i Eurovision Song Contest 2011. På byrjinga av finalen framførte Saucedo og Dirawi songen «Du ska till Malmö» saman med Petra Mede, Harald Treutiger, Lydia Cappolicchio, Anders Lundin og Kattis Ahlström. Før nummeret starta vart Saucedo og Dirawi framstilla som barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Danny Saucedo» frå , den 10. mai 2011.
Fotnotar
Kategori:Svenske songarar Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Svenske låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2009-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2011-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2012-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2021-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2024-deltakarar Kategori:Svenske Idol-deltakarar Kategori:Eurovision Dance Contest 2008-deltakarar Kategori:Melodifestivalen-programleiarar Kategori:Melodifestivalen 2009-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2011-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2012-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2021-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2024-låtskrivarar Kategori:Melodifestivalen 2013 Kategori:Eurovision Song Contest 2011-poengutdelarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-poengutdelarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest