«Modern Love» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut som opningssporet på albumet hans Let's Dance frå 1983 og som den tredje singelen frå albumet seinare same året. Songen vart produsert av Bowie og Nile Rodgers frå det amerikanske bandet Chic i lag og er ein rockesong med element av new wave. Han vart spelt inn i Power Station på Manhattan og var ein av dei første songane som vart spelt inn for albumet. Songen vart spelt av Bowie på Serious Moonlight-turneen, der han ofte avslutta konsertane. Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av Jim Yukich, og er eit konsertopptak frå turneen. Videoen vart mykje spelt på MTV.

Etter songen kom ut har han fått ros frå musikkritikaren, som hylla låtskrivinga til Bowie, produksjonen og krafta som opningsspor. Det vert generelt rekna som ein av dei beste songane på Let's Dance, i lag med «China Girl» og tittelsporet, og har sidan blitt kalla ein av dei beste Bowie-songane. Singelen selde godt og nådde andreplassen på UK Singles Chart og 14. plass på den amerikanske Billboard Hot 100. «Modern Love» har kome ut på ulike samlealbum og vart ommastra for plateboksen Loving the Alien (1983–1988) i 2018.

Bakgrunn og komposisjon mini|left|150px|Nile Rodgers var medprodusent på songen. Etter tittelsporet var «Modern Love» den andre songen Bowie spelte inn i desember 1982 i Power Station (tidlegare Avatar Studios) på Manhattan i New York City. Han vart samproduert i lag med Nile Rodgers frå det amerikanske discobandet Chic, som ophavleg hadde håpa og laga eit «særs ikkje-kommersielt, avantgarde album» med Bowie. Etter innspelinga av tittelsporet og «Modern Love», bad Bowie Rodgers om «å lage ei særs bra kommersiell plate...». Dei fullførte albumet på 19 dagar. Rodgers skildra sporet som «ein gammal rockelåt med verkeleg hamrande Little Richard-aktig piano, med særs sofistikerte jazzhorn over». Han kalla seinare songen ein av favorittane hans. Bowie kalla Little Richard den «tidlegare rockehelten» hans og at han var ein inspirasjon for songar som «Modern Love», særskild kall-og-svar-delen. Som resten av Let's Dance har songen gitar av den då gryande bluesgitariststjerna Stevie Ray Vaughan. Songen har òg eit boogie-woogie-piano av Robert Sabino som er nesten gravlagd i miksen, i følgje forfattaren Nicholas Pegg.

«Modern Love» er ein rockesong som har element av new wave og soul med ein «chukka-chukka»-rytme som «er funky og rar samstundes», etterfølgd av eit «avslappande» elektronisk riff. i følgje biografen Marc Spitz er songen «lyden av nokon som har vore borte, og som reflekterer 'It's not really work / It's just the power to charm'.» Spitz sa vidare «dei nye tidene skremmer han litt, men han prøver å bruke frykta og halde seg positiv». Pegg sa at «teksten på songen etablerer eit tilbakevendande tema på albumet om konflikt mellom 'Gud og menneske' i ei sekulær verd». Den talte introen på songen er ein parallell til avslutning på «Ashes to Ashes», særskild teksten «get things done».

Utgjeving «Modern Love» kom ut 14. april 1983 som opningssporet på Let's Dance. 12. september 1983 kom han ut på singel på EMI America på 7" vinyl (som EA 158, med ein forkorta singelversjon) og på 12" vinyl (som 12EA 158, med heile songen) som den tredje singelen frå albumet. B-sida var ein konsertversjon av songen frå Montreal i juli 1983 som B-side. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart og 14. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.Joel Whitburn (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications) Då «Modern Love» kom ut på singel var Serious Moonlight-turneen til Bowie godt i gang.

Songen vart spelt på heile turneen og var som regel avslutningssongen på konsertane, der Bowie kunne «wave bye-bye» til publikum, slik han song i teksten. Songen vart framført av Bowie under Live Aid i 1985, og på dei påfølgjande Glass Spider- og Sound+Vision-turneane i 1987 og 1990. Han framførte stundom songen på Reality-turneen i 2003-2004. For å marknadsføre Glass Spider-turneen, spelte Bowie inn songen på ny i lag med Tina Turner for ein reklame for Pepsi, som var sponsor for turneen. Reklamen gjekk ei kort stund i 1987.

Musikkvideo Musikkvideoen til songen nytta klipp frå Bowie og bandet hans som framførte songen under ein konsert på Serious Moonlight-turneen. Han vart regissert av Jim Yukich som, i følgje Kyle Ryan i The A.V. Club, «fanta det som ser ut som Bowie og bandet som kjem fram for eit ekstranummer under ein av fire konsertar i Spectrum i Philadelphia. Utsjånden til Bowie og bandet føreslo swing revival-perioden som kom seinare i tiåret.» Ryan skreiv: «Som video er Modern Love så streit som det går an, særskild samanlikna med andre videoar Bowie gjorde det året, 'China Girl' og 'Let's Dance'.»

Mottaking Sidan utgjevinga har «Modern Love» fått mykje god omtale frå musikkritikarane, som likte låtskrivinga, produksjonen og krafta songen hadde som opningsspor. I ei positiv melding av Let's Dance då det kom ut, skreiv Ken Tucker i Rolling Stone at albumet totalt sett var «tynt og så smått irriterande», men likte «Modern Love», «Without You» og «Shake It», som han kalla «tre perfekte, herlege». Han fortsette: Denne songtrioen er nokre av dei mest vågale Bowie har skrive i heile karrieren. Tekstane er så enkle dei risikerer å vere enkeltsinna, men eg vil heller ha gjeve hundre 'Space Oddity'-ar for den elegante og klisjeaktige tvisten i klimakset på 'Modern Love': 'Modern love gets me to the church on time/Church-on-time terrifies me.' Som ei rockeutsegn om å vekse opp og møte plikter, slår dei tekstlinjene i hel Jackson Browne. Tony Visconti, som var mangeårig produsent for Bowie, rekna songen som den beste på albumet. I ei melding av Let's Dance, som Robert Christgau meinte var «ufarleg» lurte han på om «thespianen Bowie verkeleg bryr seg så mykje om pop», og meinte at «Modern Love» var «den einaste interessante, nye songen» på albumet.

I ei seinare melding av Let's Dance likte Stephen Thomas Erlewine i AllMusic songen som opningsspor og skreiv «albumet kjem springande ut porten, driven fram av 'Modern Love'.» Han kalla songen, i lag med «China Girl» og tittelsporet ein «fengande, lyttarvenleg song som har akkurat er kvass nok til å vere særeigen». Andy Greene i Rolling Stone likte òg songen som opningsspor og kalla denne, «China Girl» og tittelsporet, ein «trippelshot». AllMusic-skribenten Dave Thompson skildra songen som ein «høgenergisk, sprudlande rockar», og skreiv «han omfamnar alt som var bra med den nye Bowie i 1983 som ei villig superstjerne.» Sjølv om han meinte at produksjonen på songen byrja og høyrast utdatert ut i seinare år, var han «likevel eit rasande slagfullt nummer, som minner mykje om ein gammal rockelåt». Kyle Ryan i The A.V. Club likte songen og skreiv «'Modern Love' er i røynda ein einaste lang knagg, som kanskje skjuler angsten kring tru — både på den almektige og i forhold — som er kjernen av songen. Få popsongar kan hale i land allsong til tekstlinjene 'God and man, no religion'.» Ryan konkluderte meldinga si med at «songen høyrest både moderne og tidlaus ut.» Pegg likte «Modern Love» som opningsspor og kalla det ein energisk, «glimrande utført» og «utan tvil fengande». Men han kritiserte songen for å vere «deprimerande overflatisk» samanlikna med tidlegare songar av Bowie.

Ettermæle «Modern Love» har kome ut på mange samlealbum, og det første var Changesbowie i 1990. Songen vart ommastra i lag med heile Let's Dance i 2018 for plateboksen Loving the Alien (1983–1988). Den kortare singelversjonen og konsertversjonen spelte inn i 1983 og 1987 er òg med i denne boksen. Biffy Clyro spelte «Modern Love» i februar 2018 for The Howard Stern Tribute to David Bowie, med Tony Visconti.

Etter Bowie døydde i 2016 vart «Modern Love» rekna som ein av dei beste songane til Bowie. Rolling Stone rekna songen som ein av 30 essensielle Bowie-songar, og skreiv «[songen syner Bowie på sitt mest fengande og mest nihilistiske.» Ultimate Classic Rock hadde songen med på lista si over dei ti beste Bowie-songane, plassert på åttandeplassen, og omtalte han som den beste «popsongen» i karrieren til Bowie. Dei likte den talte introen og «det smittande refrenget». I 2018 førte skribentane i NME «Modern Love» opp som den åttande beste songen til Bowie. Dei skreiv om den «tragiske ironien» på songen, i at det ikkje handlar om korleis Bowie klarte å «lage ein perfekt song om kynismen hans i verda», men heller at hans «forutgåande observasjonane» av musikkindustrien i 1980-åra avslørte kor «hol» musikken hans var i 1980-åra.

Format og innhald Alle songane skrivne av David Bowie. 7" britisk singel (EA 158) «Modern Love [Edit]» – 3:56 «Modern Love [Live]» – 3:43

12" britisk singel (12EA 158) «Modern Love» – 4:46 «Modern Love [Live]» – 3:43

Medverkande Medverkande per Chris O'Leary. David Bowie – vokal Stevie Ray Vaughan – gitar Nile Rodgers – rytmegitar Carmine Rojas – bassgitar Omar Hakim – trommer Robert Sabino – klaverinstrument; piano Mac Gollehon – trompet Robert Aaron – tenorsaksofon Stan Harrison – tenorsaksofon Steve Elson – barytonsaksofon Sam Figueroa – perkusjon David Spinner – korvokal George Simms – korvokal Frank Simms – korvokal Produksjon David Bowie – produsent Nile Rodgers – produsent

Salslister Liste (1983–2016)PlasseringAustralia (Kent Music Report)6Belgium (VRT Top 30 Flandern) Hoogste notering in de top 30 : 33Canada (RPM 50 Singles)2Ireland (IRMA) 2nd result when searching «Modern love»3Israel (Media Forest)2Poland (Polish Singles Chart)17US Billboard Hot 10014US Billboard Hot Mainstream Rock Tracks6

Salstrofé +Land/RegionSertifiseringSalstalStorbritannia (BPI)Sølv>200 000https://www.bpi.co.uk/bpi-awards/ type modern love and search

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Modern Love (song)» frå , den 2. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Britiske new wave-songar Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Nile Rodgers Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Religionskritiske songar Kategori:EMI America Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar frå 1983