Oodnadatta er ein tettstad i den australske delstaten Sør-Australia. Namnet kjem frå aboriginarspråket arrernte og tyder 'mulgablome'. Ved folketeljinga i 2006 hadde staden 277 innbyggjarar — 150 mannlege og 127 kvinnelege. 103 av dei rekna seg som aboriginarar.

Oodnadatta har ørkenklima og er den staden i Australia der ein har målt den høgaste truverdige maksimumstemperaturen: 50.7°C den 2. januar 1960.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oodnadatta» frå , den 15. mai 2011.

kategori:Sør-Australia