mini|Ola Nordmann er tradisjonelt blitt framstilt i bunad med raud (nisse)lue. Dette er ein vitseteikning frå Vikingen i 1905 av Olaf Krohn. Ola Nordmann må bera heile to folkerøystingar (om unionsoppløysinga og monarkiet) på eitt år. Ei leande Europa ser på.

Ola og Kari Nordmann eller berre Ola og Kari er eit omgrep som ofte blir bruka som ei personifisering av vanlege nordmenn. Det blir mykje brukt i media, til dømes i snakk om folket som heilskap,Kristin Kværnsveen, Ola og Kari Nordmann er rundlurt, naturvernforbundet.no, 10.12.2010 om typiske eller gjennomsnittlege nordmenn.Dette er Kari og Ola ved Statistisk Sentralbyrå, "Kari og Ola Nordmann" feirer jul hjemme , boarding.no, 26.12.08; Tom M. Hansen, Ola og Kari Nordmann er kaffe-kresne , massiv.no; Dag-Jørgen Saltnes Ola og Kari satser på eiendom, 27. august 2007 Namna er også brukt som døme i utfylling av skjema, lik Nomen nescio, NN.

Opphav I 1844 gav Henrik Wergeland ut boka Skåltaler, 474 samlede og utgivene av Ola Nordmann. I 1915 blei namnet brukt for å skildra den vanlege nordmannen og i 1926 for å omtala nordmenn.Hvem er Ola Nordmann?, NRK.no, 01.07.2002 Seinare la ein til ei Kari Nordmann. Namna Ola og Kari har lenge vore mykje brukte i Noreg, og har nordisk opphav.

Ola Dunk er eit avleidd namn brukt om ein typisk nordmann med dårlege eigenskapar.

Tilsvarande namn i andre land I Sverige er Medelsvensson brukt om den typiske svensken, i Danmark Herr Sørensen og i Tyskland Otto Normalverbraker.

I USA er John og Jane Doe eller Average Joe brukt på same måte.

Bakgrunnsstoff Ola og Kari ved Statistisk Sentralbyrå

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ola Nordmann» frå , den 17. mai 2011.

Kategori:Norsk kultur Kategori:Norske nasjonalsymbol Ola Nordmann Kategori:Lekamleggjeringar av land Kategori:Henrik Wergeland