Bokmålsordboka er ei ordbok over bokmål utarbeidd ved Seksjon for leksikografi og målføregransking på Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Ho er tilgjengeleg som gratis nettordbok ved nettstaden til Universitetet i Bergen, som overtok drifta frå Universitetet i Oslo i september 2016.
Bokmålsordboka kom ut parallelt med Nynorskordboka i 1986 etter at ein hadde arbeidd med dei sidan 1974. Reviderte utgåver kom i 1993, 2004 og 2005. Ordboka blei lagt ut på nett i 1994, og ho kom som app (Ordbøkene) i 2017.
Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser offisiell rettskriving og bøying og har med uttaleopplysingar, ordsoge, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk.
Sjå òg Norsk ordbok Riksmålsordboken
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bokmålsordboka» frå , den 18. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Bokmålsordboka. Definisjons- og rettskrivningsordbok. Oslo: Kunnskapsforlaget 2005. 3. utgave, 2. opplag. 1218 s.
Bakgrunnsstoff
Digitaliserte utgåver av Bokmålsordboka hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Bokmål Kategori:Norske ordbøker Kategori:Oppslagsverk tilgjengelege på Internett Kategori:Bøker frå 1986