Juska Savolainen () er ein finsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelte han på midtbanen for Haugesund i den norske Eliteserien.
Savolainen drog til SC Heerenveen i Nederland som 18-åring, men vende tilbake til Finland i 2003 utan å ha fått nokon kampar for førstelaget. Dei neste åra spelte han for fleire klubbar i den finske toppdivisjonen. Han var med på å vinna den finske serien to år på rad, i 2006 og 2007, med Tampere United. Før 2008-sesongen fekk han kontrakt med Rosenborg i Noreg. Han debuterte for Rosenborg i serieopninga mot Lyn, men dn 19. mai blei det kjent at han hadde rive av ei sene under foten. Den 10. juni blei det kjent at han måtte operera foten og truleg ville vere ute resten av sesongen."Trolig ute resten av sesongen" frå rbk.no, 10. juni 2008 Han klarde aldri å bryta gjennom i trondheimsklubben, og våren 2009 vart han lånt tilbake til Tampere United. Før 2010-sesongen fekk han kontrakt med Haugesund.
Fotnotar
Kjelder Spelarprofil på Haugesund sine nettsider
Kategori:Finske fotballspelarar Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar