«Kids» er ein duett av Robbie Williams og Kylie Minogue, utgjeven som den andre singelen frå det fjerde album av Williams Sing When You're Winning. Han var òg den tredje singelen frå albumet Light Years av Minogue. Singelen kom ut i oktober 2000.

Informasjon «Kids» vart ein hit i Storbritannia, der han nådde andreplassen på singellista og selde over 200 000 eksemplar. Singelen vart dermed sertifisert til sølv av British Phonographic Industry. Songen nådde Topp 10-lista i fleire andre land inkludert New Zealand, Mexico, Argentina, og Topp 20 i Australia.

Williams og Minogue har berre framført songen saman ved eit par høve. Det mest kjende er på MTV Europe Music Awards i 2000, men dei har òg gjort det to gonger på Top of the Pops og på ein av Williams sitt konsertar i Manchester i 2001.

Format og sporliste Promo CD «Kids» (Radio Edit) «Kids» (Robbie Rap Edit) «Kids» (Karaoke Version) «Kids» (Album Version)

Britisk og internasjonal CD 1 «Kids» – 4:47 «John's Gay» – 3:40 «Often» – 2:46 «Kids» (Video)

Britisk og internasjonal CD 2 «Kids» – 4:47 «Karaoke Star» – 4:10 «Kill Me or Cure Me» – 2:14

Topplisteplasseringar TopplisteListeplasseringStorbritannia (UK Singles Chart)2New Zealand (RIANZ)5Irland (Irish Singles Chart)9Australia (ARIA Charts)14Nederland (Dutch Top 40)24Sverige (Sverigetopplistan)31Sveits (Schweizer Hitparade)35Belgia (Ultratop Flandern)38Tyskland (Media Control Charts)39

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kids av Robbie Williams og Kylie Minogue på Allmusic

Kategori:Robbie Williams-songar Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2000 Kategori:Singlar frå 2000