mini|Det norske kongevåpenet frå 1905 som utforma av Eilif Peterssen.
Kongevåpen er våpenskjold eller våpenmerke brukt av ein konge eller annan monark i samband med sin funksjon som statsoverhovud. Slike heraldiske våpen finst i alle europeiske monarki, og skil seg meir eller mindre frå landa sine riksvåpen, som blir brukt av den statlege styresmakta. I nokre monarki (men ikkje i Noreg), finst omgrepet kongeleg hoffleverandør der utvalde verksemder får bruka kongevåpenet i marknadsføring.
Eit kongevåpen er noko anna enn eit kongeleg monogram, sjølv om også monogram i form av initial (forbokstav), tal og kongekrone blir brukt som kjenneteikn for kongelege personar.
Sjå òg Det britiske riksvåpenet Det danske riksvåpenet Det nederlandske riksvåpenet Det norske riksvåpenet Det spanske riksvåpenet Det svenske riksvåpenet Kongeflagg
Bakgrunnsstoff Bilete av det norske kongevåpenet 1906-1937 Det norske kongevåpenet under unionen med Sverige 1814-1905 Om det norske kongeflagget (på engelsk)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kongevåpen» frå , den 22. mai 2011.
Kategori:Heraldikk Kategori:Kongelege symbol Kategori:Riksvåpen