Ole Andreas Steen () var ein norsk snikkarmeister og stortingsmann frå Kristiansand. Han representerte partiet Høgre.

Steen var son til ein arbeidar. Sjølv var han snikkarmeister i heimbyen frå 1861 til 1900. Han var medlem av bystyret i 18 år. Vidare var han presten sin medhjelpar i tolv år og styremedlem i Kristiansand og Omgens fellesforeining for indremisjon i 35 år. Om lag 30 år var han med i styret for vaisenhuset Ebenezer, også formann ei tid.

Steen var 1. representant for Kristiansand på Stortinget 1889-91. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Folk frå Kristiansand