Søtvierfamilien (Solanaceæ) er ein plantefamilie i ordenen Solanales. Han omfattar rundt 2 000 artar fordelt på 95 planteslekter. Han gjev oss mange viktige grønsaker, som potet, tomat og aubergine. Dei fleste artane i familien er giftige, men til dømes potetknollen inneheld lite giftstoff og kan etast etter koking. Hageplantane petunia og japansk lykt, frukta physalis og tobakk kjem òg frå søtvierfamilien.

Kjente slekter alruneslekta (Mandragora) bukketornslekta (Lycium) bulmeurtslekta (Hyoscyamus) belladonnaurtslekta (Atropa) paprikaslekta (Capsicum) engletrompetslekta (Brugmansia) galnebærslekta (Scopolia) lyktslekta Physalis petuniaslekta Petunia piggepleslekta (Datura) Salpiglossis søtvierslekta (Solanum) tobakkslekta (Nicotiana) tomatslekta (Lycopersicon)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantefamiliar Kategori:Solanales Kategori:Giftige plantar