Josef Dieter Maier, kjend som Sepp Maier, () er ein tidlegare vesttysk landslagsmålmann. Han var målvakt for Bayern München og Vest-Tyskland sitt landslag. Maier vart europameister 1972 og verdsmeister 1974. Åra 1974, 1975 og 1976 vann han europacupen med Bayer München. Einast Thomas Müller har spelt fleire kampar for FC Bayern.
Klubbspel Maier fekk kontrakt med Bayern München i 1962. Frå 1963 var han fast målvakt i klubben som til 1965 spelte i Regionalliga Süd. Etter opprykk til Bundesliga i 1965, spelte Maier frå 1966 til 1979 i 442 ligakampar på rad, noko ingen har gjort han etter.
Omframt fire DFB-pokalar og like mange bundesliga-pokalar, var Maier med på å vinne fire UEFA-turneringar med Bayern München. Det tok til med siger 1–0 over Rangers FC etter ekstraomgangar i cupvinnarcup-finalen 1967. På 1970-talet var han del av det legendariske Bayern-laget som triumferte i europacupen tre år på rad. I 1974 vart Atlético Madrid slått 4–0 i omkamp, året etter måtte Leeds United tåle tap 0–2, medan FC Bayern i 1976 vann 1–0 over franske AS Saint-Étienne.
Landslagsspel Maier fekk sin landslagsdebut i Dublin den 4. mai 1966. Han var med i troppa til Fotball-VM 1966 i England, der Hans Tilkowski vakta Vest-Tyskland sitt målbur. Under VM i fotball 1970 i Mexico spelte Maier alle kampane, bortsett frå den avluttande bronsefinalen. I 1972 vart han europameister då Vest-Tyskland slo Sovjetunionen 3–0 i finalen på Heysel stadion i Brussel.
Under VM i fotball 1974 på heimebane nådde Maier toppen då eit legendarisk vesttysk mannskap, med karar som Franz Beckenbauer, Berti Vogts, Gerd Müller, Wolfgang Overath og Paul Breitner, tok seg til finalen. Den største triumfen kom då vertane i München vann 2–1 over eit glimrande nederlandsk lag, med Johan Cruijff i spissen.
Også i Fotball-EM 1976 spelte Vest-Tyskland finale, ein kamp mot Tsjekkoslovakia som enda 2–2 og i straffesparkkonkurranse. Her vart Maier utmanøvrert av Antonín Panenka sitt overraskande straffespark og Vest-Tyskland tapte. Ved Fotball-VM 1978 i Argentina klarte ikkje Maier å hindre at landslaget rauk ut etter den andre grupperunden. Han var lagkaptein i sine seks siste landskampar. Den 95. og siste landskampen spelte han i Reykjavik 26. mai 1979.
Merittar Verdsmeister: 1974 for Vest-Tyskland Europameister: 1972 for Vest-Tyskland VM-bronse: 1970 for Vest-Tyskland EM-sølv: 1976 for Vest-Tyskland Vinnar av Europcupen: 1974, 1975, 1976 for Bayern München Vinnar av Cupvinnarcupen: 1967 for Bayern München Vinnar av Bundesliga: 1969, 1972, 1973, 1974 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 1966, 1967, 1969, 1971 for Bayern München
Ymse Maier vart kåra til 'Årets tyske fotballspelar' i 1975, 1977 og 1978.
Den 14. juli 1979 skada Maier seg alvorleg i ei trafikkulukke. Bilen hans vassplana og kolliderte med ein møtande bil. Etter dette kom han ikkje meir i spel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sepp Maier» frå , den 21. juli 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Målvakter i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1972 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Bayern München-spelarar