Vertsbyar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over byar som har arrangert Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av landet som vinn året før, og kan sjølv velje kva for by som skal vere vert. Sjølv om tevlinga vert finansiert av sponsorar og kringkastarane frå dei ulike deltakarlanda, må vertsbyen og -landet vere ansvarleg for å dekkje kostnadene for mellom anna overføring, arena, overnattingar og transport for deltakarane. For å velje vertsby må ein sørge for å ha nok hotellrom, gode høve til transport og få støtte frå lokale styresmakter. Fleire byar kan søke om å vere vertsby, og kringkastaren vel ut den dei meiner vil gjere det best. Å arrangere tevlinga gjev òg høve til å tiltrekkje seg internasjonal merksemd.
Val av vertsby Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest vart halden i Lugano i Sveits, som òg er hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen. Året etter takka Frankfurt am Main i Vest-Tyskland ja til å arrangere tevlinga etter at Sveits ikkje ynskte å arrangere tevlinga att. I 1958 stadfesta Den europeiske kringkastingsunionen at vinnarlandet får fyrsterett på å arrangere tevlinga året etter. Sidan regelen vart innført har det berre hendt fem gonger at vinnarlandet ikkje ynskte å arrangere tevlinga. I 1960, 1963 og 1974 nekta høvesvis Nederland, Frankrike og Luxembourg å arrangere tevlinga av di dei allereie hadde arrangert tevlinga dei siste åra og av di dei ikkje hadde god nok økonomi. Etter å ha vunne i 1971 nekta Monaco å vere vertsland av di dei ikkje hadde nokon stad å arrangere tevlinga. Alle desse gongane vart tevlinga arrangert i Storbritannia. I 1980 måtte Nederland arrangere tevlinga av di Israel nekta å arrangere tevlinga to år på rad. Når eit land vinn tevlinga må Den europeiske kringkastingsunionen stadfeste om landet får vere vert for arrangementet. Deretter vel ein vertsby. Sjølv om hovudstaden ofte vert vald som vertsby av di han er den mest folkerike, er det ikkje alltid det beste alternativet for å arrangere Eurovision Song Contest. Dei fyrste åra valde ein byar som Hilversum, Cannes og Napoli framfor hovudstadene Amsterdam, Paris og Roma. Storbritannia er det landet som har arrangert tevlinga flest gonger, heile åtte gonger. Irland har arrangert tevlinga sju gonger, og arrangerte tevlinga tre år på rad frå, i 1993, 1994 og 1995. Arenaen som har vorte brukt flest gonger er Point Theatre, i 1994, 1995 og 1997. Parken er den største arenaen som har arrangert Eurovision Song Contest, medan Millstreet er den minste byen som har arrangert tevlinga.
Vertsbyar mini|BBC Television Centre. mini|Scandinavium. mini|Studio 15 di Cinecittà. mini|Oslo Spektrum.
mini|Beogradska arena. mini|Düsseldorf Arena.
Tevlingar Land By Arena År 9 London Royal Festival Hall 1960 BBC Television Centre 1963 Royal Albert Hall 1968 Wembley Conference Centre 1977 Edinburgh Usher Hall 1972 Brighton Brighton Dome 1974 Harrogate Harrogate International Centre 1982 Birmingham National Indoor Arena 1998 Liverpool M&S Bank Arena 2023 7 Dublin Gaiety Theatre 1971 Royal Dublin Society 1981 1988 Point Theatre 1994 1995 1997 Millstreet Green Glens Arena 1993 6 Stockholm Sankt Eriks-Mässan 1975 Globen 2000 2016 Göteborg Scandinavium 1985 Malmö Malmö Isstadion 1992 Malmö Arena 2013 4 Hilversum AVRO Studio 1958 Amsterdam RAI Congrescentrum 1970 Haag Congresgebouw 1976 1980 Luxembourg Villa Louvigny 1962 1966 Grand Théâtre de Luxembourg 1973 1984 3 Cannes Palais des Festivals et des Congrès 1959 1961 Paris Palais des congrès de Paris 1978 København Tivolis Koncertsal 1964 Parken 2001 B&W Hallerne 2014 Bergen Grieghallen 1986 Oslo Oslo Spektrum 1996 Telenor Arena 2010 Frankfurt am Main Großer Sendesaal des hessischen Rundfunks 1957 München Rudi-Sedlmayer-Halle 1983 Düsseldorf Düsseldorf Arena:2. 2011 Jerusalem Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi 1979 1999 Tel Aviv Expo Tel Aviv 2019 Napoli Sala di Concerto della RAI 1965 Roma Studio 15 di Cinecittà 1991 Torino Pala Alpitour 2022 Lugano Teatro Kursaal 1956 Lausanne Palais de Beaulieu 1989 Basel St. Jakobshalle 2025 2 Wien Großer Festsaal der Wiener Hofburg 1967 Wiener Stadthalle 2015 Kyiv Kyivskyi Palats Sportu 2005 Kyiv internasjonale utstillingssenter 2017 1 Madrid Teatro Real 1969 Brussel Heysel Park 1987 Zagreb Koncertna dvorana Vatroslav Lisinski 1990 Tallinn Saku Suurhall 2002 Riga Olimpiskā Skonto halle 2003 Istanbul Abdi İpekçi Arena 2004 Aten Olymbiakό Kleistό Gymnastírio 2006 Helsingfors Hartwall Arena 2007 Beograd Beogradska arena 2008 Moskva Olimpijskij 2009 Baku Bakı Kristal Zalı 2012 Lisboa Altice Arena 2018
Sjå òg Vertsbyar for Junior Eurovision Song Contest
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «List of host cities of the Eurovision Song Contest» frå , den 18. juni 2011. Denne artikkelen bygger på «Anexo:Sedes del Festival de la Canción de Eurovisión» frå , den 7. september 2013.
Kategori:Eurovision Song Contest