Omleiringa av Barcelona var eit slag mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) der erkehertug Karl av Austerrike (støtta av Storbritannia og Nederland kjempa mot Filip V av Spania, støtta av Frankrike, kjemp om den spanske krona.
Opptakt I den første delen av krigen hadde Barcelona falle til styrkane til erkehertug Karl. Flåten hans ankra opp i hamna den 22. august 1705 og soldatane kringsette byen. Desse soldatane tok seinare festninga Montjuïc og nytta denne til å bombardere byen til han overgav seg 9. oktober same året.
Slaget Sjølv om det nyleg slåtte katalanske hoffet då støtta erkehertugen mot Filip V, var ikkje dei fransk-spanske styrkane sterke nok til å prøve å gjenerobre byen før 1713. Den 25. juli det året var byen omkringa av styrkane frå Bourbon, men åtaket gav ikkje resultat på grunn av for lite artilleri. Bourbonane venta på 20 000 mann i forsterkingar som kom fram i april-mai 1714. Dei byrja å angripe på ny, kommandert av Hertugen av Berwick, og etter å ha gått inn i byen den 30. august, klarte til slutt Bourbon å ta byen attende den 11. september. Denne datoen vart i dag minna som nasjonaldagen til Catalonia, òg kalla La Diada.
Etterverknad Krigen enda i 1714 då styrkane som støtte erkehertugen overgav seg til den fransk-spanske armeen, og dette markerte starten på ein 200 år lang periode med undertrykking av det katalanske sjølvstyret, som spegla den større sentraliseringa i dei forskjellige monarkia på det europeiske kontinentet. Då den den spanske arvefølgjekrigen var over, vart Spania i røynda frå eit samla kongedømet til eit sentralisert eitt. Forsvararane av byen vart gravlagd på same gravplass, i dag ein open plass, Fossar de les Moreres, det katalanarane samlar seg kvar 11. september.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siege of Barcelona» frå , den 27. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Katalansk historie Kategori:Barcelona Barcelona Barcelona Barcelona Kategori:Konfliktar i 1713 Kategori:Konfliktar i 1714