Pierre Le Moyne d'Iberville (),"Pierre Le Moyne, Sieur d'Iberville" (biography), Catholic Encyclopedia, 1907, webpage: CathEnc-7614b: gives datos (16 July 1661; d. at Havana, 9 July 1706)"Le Moyne d'Iberville", Dictionary of Canadian Biography Online, 2009. var ein fransk soldat, skipskaptein, utforskar, koloniadministrator, riddar av Saint-Louis-ordenen, eventyrar, sjørøvar, kjøpmann og grunnleggjar av den franske kolonien Louisiana i Ny-Frankrike. Han er truleg den mest kjende personen frå Ny-Frankrike og den første store kanadiske eventyraren som var fødd i Nord-Amerika.
Han var den tredje sonen til Charles Le Moyne, som kom frå Dieppe i Frankrike og var lord i Longueuil i Canada. Mora heitte Catherine Primot. Han var den eldre broren til vitskapsmannen Jean-Baptiste Le Moyne de Bienville. Han vart òg kalla Sieur d'Iberville
Pierre Le Moyne d'Iberville var med å grunnleggje fleire byar i dagens USA, som Biloxi i Mississippi (1699) og Mobile i Alabama (1702). Iberville leia eit felttog på Newfoundland 1696-1697 og deltok i slaget i Hudsonbukta mot ein britisk skvadron.
Iberville leia i 1706 ei rekkje suksessfulle åtak mot den britiske øya Nevis under den spanske arvefølgjekrigen. Han reiste så til Havanna på Cuba for å få forsterkingar frå Castilla for eit åtak på Carolina. Han døydde derimot i Havanna av gul feber.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pierre Le Moyne d'Iberville» frå , og «Pierre Le Moyne d'Iberville» frå den 28. mai 2011. oppgav desse kjeldene: "Le Moyne d'Iberville", Dictionary of Canadian Biography Online, Univ. of Toronto, Canada, 2009, webpage: bio-ca-940. Guy Frégault, Iberville le conquerérant (Montréal, 1944)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske oppdagarar Kategori:Franske marineoffiserar Kategori:Franskmenn i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Folk frå Ny-Frankrike Kategori:Kanadisk adel Kategori:Saint Louis-ordenen