Bjørkemus, Sicista betulina, er eit pattedyr i hoppemusfamilien. Ho er den einaste representanten for hoppemusfamilien i Noreg. Bjørkemusa sitt utbreiingsområde strekkjer seg frå Noreg og Danmark i vest til Bajkalsjøen i Sibir i aust, og frå Polarsirkelen i nord til Karpatane i sør. Ho er svært vanleg i delar av Russland og Ukraina, men mindre vanleg der ho førekjem i Vest-Europa. Det er vanskeleg å veta nøyaktig kor stor bestanden er, då bjørkemusa er sky og vanskeleg å fanga. Ho vart først registrert i Noreg i 1907 og har sidan blitt funnen frå Akershus til Nordland, men oftast nord på Austlandet og i Midt-Noreg. Ho er oppført på raudlista til fleire land i Europa, m.a. Tyskland, Danmark, Romania, Tsjekkia og Litauen og har status som nær truga i Noreg frå 2021.
Bjørkemusa finst i diverse landskapstypar. Det har blitt foreslått at ho tilbringer sommaren i våtmarksområde og flyttar til skogområde om vinteren. Ho ligg i dvale i seks månader i året, og mister på den tida opp til halve kroppsvekta si.
Fotnotar
Kjelder IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
kategori:hoppemusfamilien kategori:pattedyr i Noreg