Hans-Erik Dyvik Husby, () var ein norsk artist og skodespelar. Han var kjend som vokalist i det norske bandet Turboneger under artistnamnet Hank von Helvete.

Biografi Hans-Erik Dyvik Husby vart fødd i Gravdal i Vestvågøy kommune, men budde i Å i Lofoten med familien til Hans-Erik var tre. Seinare flytte dei til Fauske, Rognan, og til slutt Tvedestrand. I dag er Husby kjend for storstilte opptredenar saman med gruppa Turboneger, gjerne med mykje sminke og berr overkropp. Men han har òg ei velkjend fortid som stoffavhengig. Det var samanbrotet hans på grunn av heroinabstinensar under ein turné i Italia som gjorde at Turboneger blei oppløyst for ei tid i 1998. I juli 2010 trekte Husby trakk seg som medlem fra Turboneger. Same år spelte han hovudrolla som Cornelis Vreeswijk i filmen «Cornelis» i Sverige.

Husby vart stoffri og hadde i tillegg til musikken starta ei karriere som muskal-skodespelar (hovudrolle i Jesus Christ Superstar). Via etermedia vart han òg talsmann for moderne norsk kristendom (Mellom anna i "Bokprogrammet" - NRK 1. sept. 2009) der Husby synte at han hadde eit reflektert og grunngjeve tilhøve til vanskelege teologiske spørsmål kring synet på himmelriket og fortapinga (helvete). Husby hadde i fleire intervju omtala seg sjølv som personleg kristen.

Bror til Hans-Erik var komponisten Kaare Dyvik Husby.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Intervju med Hans Erik Dyvik Husby på Stjerneklart på nrk.no.

Kategori:Norske musikarar Kategori:Turboneger Kategori:Folk frå Moskenes Kategori:Folk frå Fauske Kategori:Folk frå Tvedestrand Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Saltdal Kategori:Norske Idol-dommarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-deltakarar