Arbeidarpartiet (Ap) er eit norsk sosialdemokratisk politisk parti. Partiet vart skipa i Arendal i 1887 og har vore det største norske politiske partiet ved alle stortingsvala sidan 1927. Leiaren for partiet er Jonas Gahr Støre, nestleiarar er Tonje Brenna og Jan Christian Vestre, medan Kari-Anne Opsal er partisekretær.
I 2021 danna partiet regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister. Partiet fekk ved stortingsvalet i 2025 inn 53 av 169 mandat.
Partiet heitt fram til 2011 Det norske Arbeiderparti (DNA). Ungdomsorganisasjonen til partiet heiter Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF), med Gaute Børstad Skjervø som leiar.
Historie Frå starten til andre verdskrigen Det norske Arbeidarparti (DNA) blei danna på eit møte i Arendal i 1887, etter mønster frå dansk og tysk sosialdemokrati. Dei mest framståande personane i partiet var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Mellom programpostane var allmenn røysterett. I 1889 fekk partiet sitt program ei sosialistisk målsetjing. Partiet var både fagleg landsorganisasjon og politisk parti fram til 1899, da «Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon» (no LO) blei skipa. Dei første stortingsrepresentantane frå DNA blei valde inn frå Troms i 1903.
I åra før og under første verdskrigen voks det fram ei radikal venstrefløy i fagrørsla og Arbeidarpartiet kalla fagopposisjonen av 1911. Dette hadde samanheng med den raske industrialiseringa, og med det dei mange anleggsarbeidarane som ville ha ei tøffare linje. Leiaren for den radikale fløya i partiet var trønderen Martin Tranmæl.
Den radikale fløya i Arbeidarpartiet fekk fleirtal på landsmøtet i 1918, der dei vedtok at partiet ikkje nødvendigvis ville respektere samfunnsordninga slik ho var sjølv om eit folkefleirtal stod bak ho. I 1919 gjekk Arbeidarpartiet inn i Den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og i 1920 godtok fleirtalet i partiet dei såkalla «Moskvatesene», dei autoritære opptaksvilkåra Komintern hadde vedteke. Dette førte til kløyving av partiet, og dei prinsipielle sosialdemokratane danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) i 1921. Olav Oksvik frå Møre og Romsdal var ein sentral personlegdom i dette partiet.
Den politiske gruppa Mot Dag, stifta i 1921 og i hovudsak med intellektuelle medlemmar, var frå starten av tilslutta partiet, og tok sikte på å utgjera ein revolusjonær elite. Men i 1925 blei gruppa ekskludert frå partiet, gjekk inn i Norges kommunistiske parti (1926-28) og var til slutt uavhengig til ho blei oppløyst i 1936.
I 1923 hadde likevel Tranmæl og fleirtalet i DNA fått nok av Komintern. Dei trekte seg ut, sjølv om dei framleis ville vere «sympatiserande organisasjon». Dei som ville stå i Komintern, danna Norges Kommunistiske Parti, med Olav Scheflo som leiande person.
Det var no tre arbeidarparti i landet, og LO, som ikkje var blitt kløyvd, såg dette som svært uheldig. I 1927 gjekk DNA og NSA etter press frå LO saman att. Eit absolutt krav frå NSA var at prinsippet om folkefleirtalet blei slått fast. Ved valet same året blei partiet størst i landet. I 1928 skipa dei jamvel regjering med Christopher Hornsrud som statsminister, men denne regjeringa blei avsett av det borgarlege stortingsfleirtalet etter eit par veker.
Valet i 1930 blei eit tilbakeslag, da partiet sin relative del av røystene gjekk ned. Dette skuldast først og fremst ei kraftig mobilisering på borgarleg side, med den høgrenasjonalistiske organisasjonen Fedrelandslaget i brodden for agitasjonskampanjen mot arbeidarrørsla. Men også det at fleirtalet på landsmøtet i Arbeidarpartiet med Tranmæl i brodden hadde forlate prinsippet om folkefleirtalet att, gjorde at partiet stod lagleg til for hogg.
Men før valet i 1933 hadde Arbeidarpartiet konsolidert seg på ei demokratisk linje, og dessutan vedteke ein konkret politikk for å få det arbeidande folket i både bygd og by ut av den lammande økonomiske krisa. Med parolar som «By og land, hand i hand» og «Hele folket i arbeid» og med Johan Nygaardsvold i brodden, gjekk Arbeidarpartiet kraftig fram. Fleirtalet fekk dei ikkje. Men etter eit kriseforlik med Bondepartiet, som og var sterkt misnøgd med den økonomiske politikken til Venstre og Høgre, kunne Johan Nygaardsvold danne den første varige arbeidarpartiregjeringa i Noreg i 1935. Arbeidarpartiet gjekk fram også ved valet i 1936, men fekk heller ikkje no fleirtal åleine. Nygaardsvold-regjeringa heldt likevel fram, heilt til ho blei avsett ved den nazi-tyske invasjonen i 1940. Nygaardsvold-regjeringa og politikken deira førte til ei konsolidering av demokratiet i Noreg, ein begynnande økonomisk framgang og ny optimisme i folket, og la grunnen for den blandingsøkonomiske samfunnsmodellen og velferdsstaten vi har.
Frå 1945 til i dag Trass i at borgarlege krinsar prøvde å gi arbeidarrørsla skulda for at Noreg ikkje hadde vore godt nok budd på det nazi-tyske åtaket i 1940, viste folket ved valet i 1945 kva politiske lærdommar folk flest trekte. For første gong blei det sosialistisk fleirtal på Stortinget. Arbeidarpartiet heldt stillinga frå det gode valet i 1936, og Norges Kommunistiske Parti fekk 11 % attåt etter at kommunistane hadde vore svært aktive i motstandskampen. Dei borgarlege gjekk tilbake.
Med Einar Gerhardsen som statsminister kunne Arbeidarpartiet byrja på ein periode på tjue år i regjering. Berre i ein kort periode fyrst på 1950-talet var Gerhardsen avløyst av Oscar Torp, også han frå DNA. Dette var ein stor framgangsperiode for landet, med økonomisk vekst, full sysselsetjing og jamleg meir velstand til dei aller fleste. Dei første gjenreisingsåra etter krigen var prega av nokså direkte politisk styring av økonomien og sosialisme, frå 1952-53 med meir indirekte verkemiddel og meir marknad i blandingsøkonomien.
Men samtidig var det ein periode med visse autoritære trekk, da den kalde krigen slo inn også i Noreg. Ikkje berre kommunistane, men også alle andre som ikkje utan vidare ville applaudere det dei vestlege stormaktene gjorde blei mistenkjeleggjorde. Innetter i Arbeidarpartiet heldt den mektige partisekretæren Haakon Lie eit strengt regime, som effektivt knebla debatten og opposisjonen i parti, fagrørsle og arbeidarpresse. I ettertid er det også blitt prova at det var ulovlege band mellom leiinga i DNA og overvakingspolitiet, slik at mange tusen menneske her i landet er blitt overvaka og delvis skadelidande på grunn av politiske meiningar, utan anna og gyldig grunn.
Dette var bakgrunnen for at nokre følte at ei ny avis måtte skipast av dei som var skeptiske til den offisielle kursen med full støtte til vestleg opprusting og jamvel vestleg imperialisme. Dette bladet kom til i 1953, og var avisa Orientering. Viktig drivkraft var journalisten og DNA-medlemmen Finn Gustavsen, og blant støttespelarane var prinsippfaste sosialdemokratar som Olav Oksvik og Christopher Hornsrud, folk som i 1948-49 hadde gått inn for eit nordisk forsvarsforbund, ikkje NATO. Orienteringskrinsen gjekk inn for eit tredje alternativ, korkje vestleg kapitalisme eller austleg stalinisme, men demokratisk sosialisme og motstand mot all imperialisme og atomopprusting.
Motstanden mot atomopprustinga og særleg uviljen mot å få atomvåpen på norsk jord, fekk tilslutning frå stendig fleire. Dette synte seg under det såkalla «påskeopprøret» i 1958, da unge DNA-medlemmer, mellom dei Berge Furre, fekk fleirtalet i stortingsgruppa til partiet til å skrive under på dette. Reaksjonen var sterk, og var den reelle grunnen til at Furre og fleire blei ekskluderte frå partiet.
Eksklusjonane og det at landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 ikkje sa klart nei til atomvåpen i Noreg, gjorde at eit nytt parti på venstresida blei skipa dette året. Partiet blei danna av i hovudsak tidlegare medlemmer i AUF og DNA, og fekk namnet Sosialistisk Folkeparti (SF). Dette var eit venstre-sosialdemokratisk parti som skilte seg frå Arbeidarpartiet ved at dei var mot atomopprustinga, mot vestleg imperialisme også, mot NATO og EEC/EF/EU, og for ein klarare sosialistisk kurs, meir lik den DNA sjølv hadde stått for under Nygaardsvold og dei første Gerhardsen-åra. SF var forløparen til dagens Sosialistisk Venstreparti, danna i 1975.
Frå ca 1965 har DNA og borgarlege koalisjonsregjeringar avløyst kvarandre her i landet. Stort sett stod dei alle for ein kurs som opprettheldt blandingsøkonomien og velferdsstaten i åra som følgde.
Frå 2005 til 2013 sat Ap i regjering med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Dette var første gongen partiet delte regjeringsmakta med andre parti, bortsett frå åra 1940–1945, under og like etter andre verdskrig. Jens Stoltenberg var partileiar frå 2002 til 2014 og statsminister frå 2005 til 2013.
Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 27,4 prosent oppslutning. Med ein tilbakegang på 3,5 prosentpoeng frå 2013 og eit tap på seks representantar var dette det nest dårlegaste valresultatet for partiet etter den andre verdskrigen og Arbeidarpartiet gjekk tilbake i alle fylka.
Etter stortingsvalet i 2021 gjekk dei raudgrøne partiane inn i forhandlingar for å danna ny regjering. Under forhandlingane trakk Sosialistisk Venstreparti seg, som leda til at Senterpartiet og Arbeidarpartiet danna regjering åleine. Resultatet av forhandlingane var Regjeringa Støre. Tidleg 2025 gjekk Senterpartiet ut av regjering. Rødgrøn side vant stortingsvalet seinare det året.
Valhistorikk Arbeidarpartiet si oppslutning stod på høgda dei første tiåra etter andre verdskrigen. Frå 1945 til 1961 hadde partiet reint fleirtal på Stortinget, det beste stortingsvalsresultatet kom i 1957, då Ap fekk 48,3 % av røystene. Arbeidarpartiet har tradisjonelt stått sterkast i byar og industristader og i det indre Austlandet. Dei siste tre tiåra har Hedmark og Oppland vore dei to fylka der Arbeidarpartiet har oppnådd den største oppslutninga.
Stortingsvalresultat
Årstal Prosent av røystene Mandat 1906 15,9 % 1909 21,5 % 1912 26,2 % 1915 32,0 % 1918 31,6 % 1921 21,3 % 1924 18,4 % 1927 36,8 % 1930 31,4 % 1933 40,1 % 1936 42,5 % 1945 41,0 % 1949 45,7 % 1953 46,7 % 1957 48,3 % 1961 46,8 % 1965 43,1 % 1969 46,5 % 1973 35,3 % 1977 42,3 % 1981 37,2 % 1985 40,8 % 1989 34,3 % 1993 36,9 % 1997 35,0 % 2001 24,3 % 2005 32,7 % 2009 35,4 % 2013 30,8 % 2017 27,4 % 202126,3 %202528,0 % Kommunevalresultat
Årstal Prosent av røystene 1928 36,4 % 1931 36,0 % 1934 40,9 % 1937 43,4 % 1945 39,8 % 1947 38,2 % 1951 42,4 % 1955 43,4 % 1959 43,7 % 1963 45,8 % 1967 43,8 % 1971 41,7 % 1975 38,0 % 1979 35,9 % 1983 38,9 % 1987 35,9 % 1991 30,2 % 1995 30,5 % 1999 28,6 % 2003 27,5 % 2007 29,6 % 2011 31,7 % 2015 33,0 %201924,8 %202321,6 % Fylkestingsvalresultat
Årstal Prosent av røystene 1975 38,1 % 1979 36,0 % 1983 38,9 % 1987 35,9 % 1991 30,4 % 1995 31,3 % 1999 28,2 % 2003 27,0 % 2007 30,8 % 2011 33,2 % 2015 33,6 %201924,9 %202321,8 %
Leiing Partileiarar Anders Andersen 1887–1888 Hans G. Jensen 1888–1889 Christian Holtermann Knudsen 1889–1890 Carl Jeppesen 1890–1892 Ole Georg Gjøsteen 1892–1893 Gustav Olsen-Berg 1893–1894 Carl Jeppesen 1894–1897 Ludvig Meyer 1897–1900 Christian Holtermann Knudsen 1900–1903 Christopher Hornsrud 1903–1906 Oscar Nissen 1906–1911 Christian Holtermann Knudsen 1911–1918 Kyrre Grepp 1918–1922 Emil Stang d.y. 1922–1923 Oscar Torp 1923–1945 Einar Gerhardsen 1945–1965 Trygve Bratteli 1965–1975 Reiulf Steen 1975–1981 Gro Harlem Brundtland 1981–1992 Thorbjørn Jagland 1992–2002 Jens Stoltenberg 2002–2014 Jonas Gahr Støre 2014–
Andre Haakon Lie – Partisekretær i perioden 1945–1969.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske politiske parti Kategori:Norsk arbeidarhistorie Kategori:Sosialistiske parti Kategori:Sosialdemokratiske parti Kategori:Politiske parti skipa i 1887 Kategori:1887 i Noreg