Breiøyre (Barbastella barbastellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko.

Flaggermusa er ganske sjeldan i det meste av utbreiingsområdet. Ho lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Breiøyre er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der.The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik.Flåten, M. & Røed, T. (2007 (utgitt 2008)). Bredøreflaggermusa Barbastella barbastellus ikke utdødd likevel!. Fauna 60 (3-4): 142-144. Arten har seinare vore registrert der fleire gonger. Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.

Fotnotar

Kjelder The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk

Bakgrunnsstoff

Kategori:Glattnasefamilien Kategori:Pattedyr i Noreg