Konsert for fløyte, harpe og orkester i C-dur, K. 299, er eit stykke av Wolfgang Amadeus Mozart for fløyte, harpe og orkester. Det er ein av berre to verkelege doble solokonsertar han skreiv, samt det einaste musikkstykket som Mozart skreiv for harpe.Briscoe, Doug. Program notes. Boston Classical Orchestra. Stykket er eit av dei mest populære konsertstykka av sitt slag i repertoaret.
Historie Konserten vart skriven i april 1778 av Mozart under ei reise til Paris for hoffet i Guînes. Det vart bestilt av (men aldri betalt for) fløytisten hertugen av Guînes, Adrien-Louis de Bonnières, og dottera hans som spelte harpe og som gjekk i lære hos komponisten for å lære å skrive musikk.Symphony No. 31 in D Major, K. 297 (Paris). John F. Kennedy Center for the Performing Arts.Horsley, Paul. Program notes. Philadelphia Orkester.
Under wienerklassisismen var harpa framleis under utvikling, og vart ikkje rekna som eit standard orkesterinstrument. Det vart rekna meir som eit klimprepiano.Salzedo, Carlos. "Editing Mozart's Flute and Harp Concerto". American Harp Society. Vol. 18, No. 4, Winter 2002, s. 33. Derfor var kombinasjonen harpe og fløyte ein særs uvanleg kombinasjon. Dei fleste duettane for harpe og fløyte som finst i dag vart skrivne på 1800-talet.
Mozart skreiv konserten med tanke på publikummet. Stykket er i røynda i form som ein Sinfonia Concertante, som var særs populær i Paris på denne tida. I dag vert konserten ofte spelt i kammerorkester, fordi han er teknisk utfordrande for begge instrumentalistar.
Harpedelen verka å vere meit ei tilpassing av eit pianostykke enn ein original harpedel.
Satsar Stykket består av følgjande satsar I. Allegro II. Andantino III. Rondeau – Allegro
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Concerto for Flute, Harp, and Orchestra (Mozart)» frå , den 13. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Solokonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Mozart Mozart Kategori:Musikk i 1778