Hallvor Asphol () er ein norsk kolonialhandlar og tidlegare skihoppar som representerte Kleive Idrettslag. Han kom på sjetteplass under skiflygings-VM 1981, og vart nummer to og kom pallen i eitt verdscuprenn i 1982.
Karriere Asphol debuterte i verdscupen i St. Nizier i Frankrike i februar 1980, der han vart nummer 11. Seinare i sesongen vart han nummer åtte i Vikersund. Han deltok i verdsmeisterskapen i skiflyging 1981 i Oberstdorf der han vart nummer seks. Under hoppveka 1981/82 var han i sitt livs form då han splitta den austerrikske duoen Hubert Neuper og Armin Kogler ved å kome på andreplass i storbakken i Bischofshofen 6. januar 1982. Samanlagd vart han nummer fem i hoppveka.
Asphol var ein typisk krafthoppar som gjorde sine beste tevlingar i store bakkar. Hans lengste skihopp var på 175 meter, ei tangering av den dåverande noregsrekorden. Etter 1982 klarte han ikkje å hevde seg mellom dei beste og la opp i 1985.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1980: Nr 8 i Vikersund 1981: Nr 6 i skiflygings-VM i Oberstdorf og i verdscupen i Engelberg 1982: Nr 2 i Bischofshofen 1984: Nr 4 i Sapporo 1985: Nr 10 i Lahti
Besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1980: Nr 8 i normalbakken i Asker Ski-NM 1981: Nr 6 i storbakken på Odnes Ski-NM 1982: Nr 8 i storbakken på Rena Ski-NM 1984: Nr 8 i normalbakken på Kongsberg Ski-NM 1985: Nr 10 i storbakken i Bærum
Kolonialhandlar Asphol overtok i 1984 eit familiefirma som dreiv handel med kolonialvarer på Kleive i Molde. Sidan har han drive firmaet, som i 2011 heiter Halvor Asphol Dagligvarer (Joker Kleive).
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Joker Kleive
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Molde