Erik Lawrence Grant Lea () var ein norsk skipsreiar og jobbetidsspekulant frå Bergen.

Lea, som var son til ein «noe eksentrisk språklærer og translatør» i Bergen, arbeidde som kontorist frå han var 16 år gammal. I 1915 etablerte han seg som disponent for ulike reiarlag. Gjennom 1915-16 etablerte han 12 dampskipsselskap, alle med ein einaste båt, som både kjøpte og selde skip. Sjølv åtte han få aksjar i dei ulike selskapa, noko som i 1917 førte til at han i 1917 mista disposisjonen over selskap då aksjonærgrupper organiserte seg og tok styringa i selskapa.

I 1917 skipa han fleire forsikringsselskap, eit av dei med avdelingskontor i Kristiania og fleire utanlandsagentur. Same året starta han opp Leas Aktie- & Bankierforretning A/S. I 1919 vart det klart at banken hadde store tap, samstundes som forsikringsverksemda sleit økonomisk. Banken vart slått konkurs hausten 1921, og forsikringsselskapa avvikla. Dei neste åra dreiv han som skipsreiar i det små, i 1925 var det heile over.

Lea flytta i 1925 til Gjølanger i Fjaler, der han budde livet ut.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erik Grant Lea» frå , den 5. juni 2015.

Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990

Bakgrunnsstoff

Om Erik Grant Lea i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Kategori:Skipsreiarar frå Bergen Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Fjaler Kategori:Forfattarar frå Fjaler Kategori:Einskildmenn Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske assurandørar