Krusfrø (Selinum carvifolia) er ei fleirårig urt i skjermplantefamilien, som blir 30 til 100 cm høg. I Noreg veks planten på Søraustlandet frå Oslo-området sør til svenskegrensa og Sør-Telemark. Han er knytt til fuktige beiteenger, ein landskapstype som er i tilbakegang. Han er difor rekna som nær truga i Noreg.

Raudlistevurdering Ei lang rekke kjente førekomstar er forsvunne, og dei nye som er funne, er truleg gamle, tidlegare ikkje oppdaga førekomstar. Krusfrø har ein forholdsvis stor utbreiing i Europa og inn i Vest-Sibir, med tyngdepunkt på Mellom- og Aust-Europa. Dei norske førekomstane er ein del av nordgrensa.

Krusfrø blir vurdert som nær trua (NT) på grunn av ein populasjonsnedgang på over 15% i førre vurderingsperiode, basert på observasjonar og nedgang i førekomstareal og habitatkvalitet.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skjermplantefamilien kategori:Viltveksande plantar i Noreg