Trinidad og Tobago (engelsk Trinidad and Tobago), offisielt Republikken Trinidad og Tobago (engelsk Republic of Trinidad and Tobago) er ein øystat i Karibia. Landet består av øyane Trinidad og Tobago, som ligg 30 kilometer nordaust for Trinidad. Næraste naboland er Venezuela.
mini|venstre|Kart over Trinidad og Tobago
Hovudstaden er Port of Spain med 37 074 innbyggjarar (2011), men med 48 838 innbyggjarar er San Fernando den største av dei to byane i landet.Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census. Demographic Report , Central Statistical Office, 2012, tabell 1.3 s. 5. Oljehamna Pointe-à-Pierre ligg nord for San Fernando. Eit stykke sør for byen ligg Point Fortin, som har ei stor utskipingshavn for gassproduksjonen i landet. Nord i landet ligg hamna Templadora som er omlastingshamn for bauksitt og alumina frå Guyana og Surinam, der utvinninga finn stad inne i landet og større skip ikkje kan lastast fulle på grunn av djupnetilhøve i elvene Demerara og Paramas. Råvarene blir sende vidare til aluminiumsverk blant anna i USA, Canada og Europa.
Trinidad og Tobago er kjend som opphavsstaden til steel band-musikk (der ein bruker omgjorte oljefat til perkusjon), rosa flamingoar og asfaltsjøen Pitch Lake.
Namn Staten har namn etter dei to hovudøyane sine. Begge skal ha fått namn av Kristoffer Columbus i 1498.John Everett-Heath: Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2010, s. 525 og 531.
Trinidad fekk namn etter det spanske ordet for treeininga. Dette er forklart med at Columbus anten kom på treeiningssundagen, eller at han såg tre fjelltoppar som minte han om treeininga.Adrian Room: Placenames of the World: Origins and Meanings of the names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites. 2. utgave, McFarland & Company, 2006, s. 382. Arawakane kalla øya Iere, som tyder 'kolibri'.Everett-Heath 2010, s. 531.
Namnet Tobago blir sagt å stamma frå haitisk tambaku, 'pipe', men er òg forklart som å koma frå ordet for tobakk, tabaco.Everett-Heath 2010, s. 525.Room 2006, s. 377. Bakgrunnen skal då ha vore at Columbus hadde merka seg tobakksrøykinga til innbyggjarane på øya. Ein går ofte ut frå at ordet tobakk kjem frå tainoane sitt ord for tobakk, men opphavet er spansk tabaco.Arie Boomert: «Names for Tobago» , Journal de la société des américanistes, bind 87, 2001, s. 339–349. I spansk fanst ordet før Columbus sine sjøferder til den nye verda og kan gå attende til arabisk.Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok. Tematisk ordnet, Oslo: Kagge Forlag, 2013, s. 313. Då spanjolane kom til det karibiske området hadde innbyggjarane der heilt ulike ord for tobakk.
Columbus meinte å ha sett to øyar då han forlét Trinidad i august 1498. Han kalla dei Asumpción og Concepción. Truleg var det berre ei øy, Tobago, han hadde sett. Namnet Tobago dukka opp frå 1511 på spanske kart og i spanske dokument. Skrivemåten varierte innan og mellom dei ulike europeiske språka. På 1500- og 1600-talet danna det seg ei oppfatting om at spanjolane lærte å dyrka tobakk av urfolket på Tobago. Kanskje blei namnet Tobago hengjande ved øya fordi kan sjå ut som forma på ein sigar frå sjøen.
Kalinafolk (fastlandkaribane) kalla øya Urupaina, som tyder 'stor snigel'. Midt på 1600-talet skreiv ein fransk misjonær at kalinagofolk (øykaribene) kalla henne Aloubaéra, kanskje etter ein slange i mytologien deira.
Geografi mini|Trinidad og Tobago ligg utanfor kysten av Sør-Amerika. Landet består av to store øyar, Trinidad og Tobago, i det søraustlege Karibia like utanfor kysten av Sør-Amerika. Øyane er rekna som dei sørlegaste av Dei små Antillane, men geologisk utgjer øyane ein del av Sør-Amerika. Pariabukta i vest skil landet frå Venezuela. Fjellrekkja nord på Trinidad og på Tobago ligg i forlenginga av Cordillera de la Costa i Venezuela.Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929.
Avstanden til kysten av Venezuela er 11 km på det minste.«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica. Sundet mellom Trinidad og Venezuela i nord blir kalla Dragon's Mouth eller Bocas del Dragón. I sør forbind det smale sundet Serpent's Mouth eller Boca de la Serpiente Pariabukta med Columbussundet, farvatnet mellom Trinidad og det søramerikanske fastlandet.
Guyanastraumen, overflatehavstraumen som er ei grein av Den sørlege ekvatorialstraumen, fører havvatn frå søraust mot Trinidad og Tobago. Ved Trinidad deler straumen seg. Den nordlege hovuddelen går mot Tobago og held fram derfrå vestover i Det karibiske havet. Ein sørleg del strøymer gjennom Columbussundet og Serpent's Mouth og inn i Pariabukta. I regntida får straumen tilført ferskvatn frå utløpet av Orinoco slik at saltinnhaldet i bukta går kraftig ned.Boomert, Arie: The indigenous peoples of Trinidad and Tobago from the first settlers until today, Leiden: Sidestone Press, 2016, s. 3.
Trinidad Trinidad er den største øya i landet med eit areal på rundt 4800 km².«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica. Utanfor nordvestspissen av Trinidad ligg ei rekkje små øyar som strekkjer seg mot Pariahalvøya i Venezuela: Monos, Huevos og Chacachacare. Sørvest på Trinidad strekkjer Cedroshalvøya seg vestover med Icacos Point som sørvestlegaste punkt. Holmen Soldado Rock ligg ca. 10 km vest av halvøya.«Soldado Rock», BirdLife International. Lest 5. februar 2017.
Det er tre fjell- og høgdedrag på øya, det høgaste i nord, det lågaste i sør. Northern Ranga som strekkjer seg frå aust til vest nord. Høgaste punkt er Aripo (òg kalla El Cerro del Aripo) på 940 moh.«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica. Midt på Trinidad går Central Ranges diagonalt over øya i retning frå sørvest til nordaust. Høgaste punkt her er Tamana på 308 moh. I sør dannar ei rekkje låge åsar Southern Ranges. mini|Nariva Swamp ligg på austkysten av Trinidad Ortoire i sør og Caroni i nord er dei lengste elvene. Caroni Swamp ligg der elva Caroni renn ut i Pariabukta sør for hovudstaden Port of Spain. Eit anna viktig våtmarksområde er Nariva Swamp. Det dekkjer eit område på 11 343 hektar på austkysten av Trinidad og er den største ferskvasssumpa i landet.Nariva Swamp , Institute of Marine Affairs. Northern Ranga har mange fossar. Dei mest kjende er Blue Basin Falls og Maracas Falls. Begge har eit fall på 91 meter.«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
På aust- og vestkysten finst det mangroveskog.Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929. Det er korallrev ved nordaustkysten.
Det er olje og gass i grunnen på og ved Trinidad, og desse har sett preg på naturgeografien. Pitch Lake sørvest på øya ved La Brea er ein naturleg asfaltsjø danna av olje som lek opp frå grunnen. Asfaltsjøen har ei maksimal djupne på 80 meter og dekker ei flate på 40 hektar.«Pitch Lake», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica. Gass og vatn pressar seg opp til overflata og skapar muddervulkanar. Devil's Woodyard er ein kjend slik.«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
Tobago Tobago ligg ca. 30 km nordaust for Trinidad. Øya har eit areal på kring 115 km².«Trinidad and Tobago», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica. Ho er dominert av Main Ridge som går frå sørvest til nordaust. Fjella har ei høgd på rundt 550 moh., med 576 moh. som høgaste punkt.Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929. Fjella flatar i sørvest ut mot eit korallplatå. Sørvestkysten har mangrovar.
Utanfor kysten i sørvest ligg Buccoo-revet, fem flate korallrev som omgjev lagunen Bon Accord.«Buccoo Coral Reef», Britannica Academic, Encyclopædia Britannica.
Little Tobago og andre småøyar ligg ved nordaustenden av Tobago.
Plante- og dyreliv mini|Kolibriarten Amazilia tobaci på Trinidad. Øyane ligg nær fastlandet og plante- og dyrelivet ber preg av det. Guyanastraumen fører med seg plante- og dyreliv mot Trinidad, slik som kaimanar, øgler, slangar og ferskvasskjelpadder.Boomert, Arie: The indigenous peoples of Trinidad and Tobago from the first settlers until today, Leiden: Sidestone Press, 2016, s. 3. Plante- og dyrefamiliene frå Guyanaregionen og det austlege Venezuela er òg å finna på Trinidad og Tobago.Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929. Det er låg grad av endemisme. To av dei 521 landlevande virveldyrartane er endemiske, medan 2,1 % av dei 6600 frøplantane er endemiske. Ingen av dei 42 ferskvassartane er endemiske.
Klima
Klimaet er tropisk med små temperaturvariasjonar gjennom året. Hovudstaden Port of Spain har middeltemperatur på 25,6 °C i januar, 26,1 °C i juli og ein årsmiddelnedbør på 1630 mm.
Det er mindre nedbør frå midten av januar til mai. Minst nedbør (ca. 10 %) fell i perioden januar-mai under nordaustpassaten, og våtast er perioden frå juli til oktober då den intertropiske konvergenssona flyttar seg nordover. Øyane ligg i den sørlege utkanten av dei vanlege orkanbanane, og landet er mindre utsett for orkanar enn andre karibiske land.Christopher K. Starr: «Trinidad og Tobago», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 926–929.
Historie mini|Framstilling av Nieuw Vlissingen på Tobago frå kring 1665. Før øyane blei oppdaga av Kristoffer Columbus i 1498, var dei folkesette av karibarar og arawakar. Trinidad var ein spansk koloni frå 1400-talet til øya blei teken av britane i 1797. Under den spanske tida flytta mange franskmenn, som hadde flykta frå den franske revolusjonen, til Trinidad. Også franske plantasjeeigarar frå dei franske koloniane Martinique og Guadeloupe kom til Trinidad, der dei byrja å dyrke sukkerøyr, kaffi og kakao. Dei tok med seg dei afrikanskætta slavane sine.
Tobago har vore koloni under Spania, Nederlanda, Kurland (del av dagens Latvia), Frankrike og Storbritannia.
Trinidad blei ein britisk koloni i 1802 og Tobago i 1814. Dei blei slått saman til ei administrativ eining av britane den 1. januar 1899.
Slaveriet blei forbode på midten av 1800-talet, noko som førte til mangel på arbeidskraft i landbruket. Dette førte til ei arbeidsinnvandring av indarar, kinesarar og portugisarar. På byrjinga av 1900-talet kom det også innandrarar frå Syria og Libanon.
På byrjinga av 1900-talet byrja ein å vinna ut petroleum på Trinidad, og seinare også naturgass.
Mellom 1958 og 1962 var Trinidad og Tobago ein del av Den vestindiske føderasjonen, eit britisk forsøk på å skape ein samla økonomisk uavhengig stat i Karibia. Trinidad og Tobago gjekk likevel tilbake til å vere ein britisk koloni i ei kort tid etter oppløysinga av føderasjonen den 31. mai 1962, før landet blei heilt sjølvstendig den 31. august 1962. Det blei ein republikk den 1. august 1976.
Folkesetnad Landet opplevde betydeleg vekst i folketalet i andre halvdelen av 1800-talet. Frå 1871 til 1881 voks folkesetnaden med 3 % per år.Trinidad and Tobago 2011 Population and Housing Census Demographic Report , Port-of-Spain: Central Statistical Office, 2012, s. 2. Etter andre verdskrigen var folkesetnaden auka til over 500 000 og i 1980 var folkesetnaden på over éin million.