mini|Ei blokk med peperinostein frå romartida Albanostein er ein lys tuffbergart frå Albanarfjella i Italia.

Romarane nytta steinen, som dei kalla lapis albanus, som byggestein i fleire praktbygningar og til fontener. Ein varietet av steinen kalla dei peperino. Denne steinen kan vera brun eller grå. Han inneheld fragment av basalt og kalkstein, med spreidde krystallar av augitt, mika, magnetitt, leucitt og andre liknande mineral. Namnet peperino viser til dei mørke prikkane til nokre av minerala, som kan minna om peparkorn.

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Peperino» frå , den 22. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Vulkanske bergartar Kategori:Italiensk geologi