Wulfenitt eller gulblyerts er eit gult til oransje sekundærmineral. Det er eit blymolybdat med kjemisk formel PbMoO4, som krystalliserar tetragonalt og er lokalt viktig som molybdenmalm.

Mineralet er sjeldant i Noreg, men nokre særs vakre krystallar er mellom anna kjend frå Arizona i USA, Mexico, Algerie, Marokko, Namibia og Jugoslavia.

Mineralet er kalla opp etter F. X. Wulfen (Wülfen) (1728–1805), ein austerriksk jesuitt og mineralog.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Blymineral Kategori:Tetragonale mineral Kategori:Molybdenmineral