mini|Skjematisk teikning av syrinx. Grøne område er bruskringar. 5 og 6 er membranar. 2 er luftrøyret og 8 er bronkie. Syrinx (gresk for 'røyr, fløyte') er namnet på vokaliseringsorganet hos fuglar. Organet er lokalisert nedst i luftrøyret, der røyret deler seg inn i lungene. Syrinx er muskulært og musklane styrer ei rekkje membranar som blir sette i vibrasjon og skaper lydar når luft strøymer gjennom det. Musklane modulerer lyden ved å endre spenninga i membranar og i bronkieopningar. Fulltekst pdf Nokre fugleartar har ein kompleks syrinx og er i stand til å variere lydtrykk og tonehøgde. Til dømes kan artar av papegøyar, kråkefuglar og nokre starar, etterlikne menneskeleg tale. Andre artar har mindre utvikla syrinx og er berre i stand til å variere innanfor eit avgrensa repertoar av enkle lydar. Kondorar manglar syrinx heilt.Kemp, Alan, and Ian Newton (2003): New World Vultures. I Christopher Perrins, red., The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3. side 146
Kjelder Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Syrinx (bird anatomy)» frå , den 26. juni 2011
Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.
Referansar
Kategori:Fugleanatomi