Ketisk er det einaste gjenlevande jeniseiske språket, og har omtrent to hundre talarar"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 oppgjev 210 talarar, Ethnologue på si side oppgjev 190 talarar. i Turukhansk- og Bajkit-rajonane i Kraxnojarsk kraj i Sibir i Russland. Dei tre språka jugh, kott og pumpokol høyrde til òg dei jeniseiske språka, men dei har no døydd ut.

Klassifisering I mars 2008 la språkforskaren Edward Vajda fram resultata frå meir enn 10 års forsking på ketisk, og konkluderte med at dei jeniseiske språka er i slekt med na-dené-språka i Nord-Amerika, og dannar med desse familien dene-jeniseiske språk. Avhandlinga til Vajda har blitt vel motteke av forskarar som har studert både jeniseiske språk og na-dené-språk, og av andre anerkjende språkforskarar.

Grammatikk Ketisk skil seg frå alle andre sibirske språk. Der alle naboane er suffikserande språk med postposisjonar, stammeklassar heller enn bøyingsklassar, og utan genusdistinksjonar, står ket i ein klasse for seg. Det har prefiks i staden for suffiks i verbbøyinga, substantiva er delt inn i animata og inanimata, og dei animate er delt inn i maskulin og feminin. Ketisk har også tonem.

Historikk Som alle andre minoritetsspråka i Sovjetunionen fekk ketisk eit skriftspråk på 1930-talet, men det er ikkje mykje i bruk.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Vajda, Edward (mars 2008). A Siberian Link with Na-Dene Languages (engelsk)

Kategori:Ketarar Kategori:Jeniseiske språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Sibir Kategori:Einskildspråk