1854 (romartal MDCCCLIV) var eit normalår som byrja på ein søndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. mini|Britane bombarderar Bomarsund under Krimkrigen. mini|Daguerrotypi av eidsverjinga til Buenos Aires-grunnloven.

Hendingar

Utlandet

28. mars: Krimkrigen tok til då Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Russland etter at russiske troppar kryssa Donau. 12. april: Buenos Aires braut ut av Argentina og vedtok ein egen grunnlov. 14. august: Britiske og franske styrkar gjekk i land på Krimhalvøya. 16. august: Bomarsund festning på Åland kapitulerte for fransk-engelske styrkar utan vilkår. 2. desember: Austerrike underteikna ein allianse med Frankrike og Storbritannia og mobiliserte til krig.

Noreg 28. april: Stortinget tildelte pengar til opprettinga av eit norsk telegrafvesen. 26. august: Den nye vernepliktsloven, der alle norske menn uansett stand og stilling hadde plikt til å gjera teneste i forsvaret, blei sanksjonert. 1. september: Noregs første jernbane opna (Oslo–Eidsvoll). 14. oktober: Dei samiske opprørarane Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby vart avretta på Elvebakken i Alta.

Fødde

12. mars: Christian Skredsvig, norsk målar 14. mars: Paul Ehrlich, tysk kjemikar og lege 15. mars: Emil von Behring, tysk lege og bakteriolog 22. april: Henri La Fontaine, belgisk politikar 29. mai: Ole Gabriel Kverneland, norsk næringsdrivar 3. juli: Leos Janácek, tsjekkisk komponist 10. juli: Ivar Kleiven, norsk historikar 12. juli: George Eastman, amerikansk oppfinnar 26. juli: Anna Rogstad, norsk politikar 1. september: Engelbert Humperdinck, tysk komponist 2. september: Hans Jæger, norsk forfattar 16. oktober: Oscar Wilde, britisk forfattar 18. oktober: Salomon August Andrée, svensk vitskapsmann og eventyrar 31. oktober: Otto Sverdrup, norsk polarforskar 6. november: John Philip Sousa, amerikansk komponist og dirigent 12. november: Bernhard Brænne, norsk næringsdrivar og politikar

Døde

17. februar: John Martin, britisk målar 25. februar: Jørn Hilme, norsk spelemann 1. april: Peter Motzfeldt, norsk embetsmann 20. april: Gabriel Kielland, norsk prest 13. juli: Abbas I av Egypt, pasja av Egypt 6. juli: Georg Simon Ohm, tysk fysikar 20. august: Friedrich Schelling, tysk filosof