Suilven (skotsk-gælisk Sula Bheinn) er eit av dei mest særprega fjella i Skottland. Det ligg i eit aude område vest for Sutherland og stig nesten rett opp frå eit landskap av lyngheier, myrer og innsjøar, kalla Inverpolly nasjonale naturreservat.
Fjellet har ein 2 km lang bratt rygg. Det høgaste punktet på 731 meter over havet, kalla Caisteal Liath («det grå slottet» på skotsk-gælisk), ligg nordvest på denne ryggen. Det er to andre toppar: Meall Meadhonach i midten med ei høgd på 723 meter over havet, medan Meall Beag ligg i sørvest.
Frå kysten i vest ser Suilven ut som ein stor grå påle.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suilven» frå , den 2. juli 2011.
Kategori:Fjell og åsar i Highland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland