thumb|Kalksteinsåser, grønne beitemarker og tørrmurer er typiske for Yorkshire Dales. Yorkshire Dales er eit område i North og West Yorkshire i England. Delar av området er definert som nasjonalpark. Denne parken strekkjer seg òg inn i Cumbria.

Namnleddet dale er vanleg i Yorkshire, men Yorkshire Dales er vanlegvis forbeholdt dalføra nord for Wharfe. Dei fleste av dalane har namn etter elva som renn gjennom dei, med unntak av Wensleydale (byen Wensley, ikkje elva Ure) og Arkengarthdale (danna av Arkle Beck).

Geografi

Det mest karakteristiske landskapet er grøne, høgtliggande beitemarker, kor sau og storfe beitar, delt inn av steingardar. Dalane har både 'V'- og 'U'-form, dei fleste av dei gravne ut av isbrear under den siste istida. Fjellet er for det meste kalkstein, med noko skifer og sandstein.

Det finst òg ein del høgtliggande myrlandskap med lyngvekst, der det føregår omfattande rypejakt på hausten.

Nasjonalparken

I 1954 vart 1770 km² definert som nasjonalpark. Det meste av han ligg i North Yorkshire, men sidan grevskapsreformen i 1974 har delar av han høyrt til Cumbria. Meir enn 20 000 menneske bur i parkområdet, og det er meir enn åtte millionar vitjande i året.

Blant attraksjonane i parken finn ein: Aysgarth-falla Clapham Cautley Spout Grassington Hawes Horton i Ribblesdale Kisdon Force i Swaledale Malham Reeth Sedbergh Settl Yorkshire three peaks

Dalane

Dalane som blir regnt med til Yorkshire Dales er:

Arkengarthdale Bishopdale Coverdale Dentdale Littondale Malhamdale Nidderdale (utanfor nasjonalparken) Ribblesdale Swaledale Wensleydale Wharfedale

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yorkshire Dales» frå , den 3. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geografi i North Yorkshire Kategori:Nasjonalparkar i England Kategori:Verneområde oppretta i 1954