Alabama (frå choctaw alba almoh, kanskje 'krattskogryddarane') er ein delstat i det sørlege USA med rundt 4,9 millionar innbyggjarar. Han grensar til Tennessee i nord, Georgia i aust, Florida og Mexicogolfen i sør og Mississippi i vest. Alabama er ein del av Sørstatane, og er blitt kalla «Heart of Dixie». Andre tilnamn er Cotton State etter den store bomullsproduksjonen her og Yellowhammer State etter delstatsfuglen gulspett.

Alabama er med ei flatevidd på 135 765 km² den 30. største av USAs delstater etter areal, og med 4,8 millioner innbyggere den 23. største delstaten etter befolkning. Delstatshovudstaden i Alabama er Montgomery, men dei største byområda er Birmingham, Huntsville og Mobile. mini|venstre|Mynt til minne om Helen Keller, som var fødd i Alabama

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Alabama State Guide ved Library of Congress All About Alabama ved Alabama Department of Archives and History Alabama State Fact Sheet ved U.S. Department of Agriculture

Kategori:Delstatar i USA