thumb|Kart over Rhins of Galloway Rhins eller Rhinns of Galloway (skotsk-gælisk Na Rannaibh) er ei halvøy på vestkysten av Skottland. Ho ligg i regionen Dumfries and Galloway. Halvøya er forma som eit hammarhovud, med Corsewall Point og Milleur Point i nordenden og halvøya Mull of Galloway i sørenden. Frå nord til sør er ho omtrent 45 kilometer lang.

Dei største busetjingane er Stranraer i botnen av fjorden mellom halvøya og fastlandet i nord, og Portpatrick på vestkysten, andre landsbyar på halvøya er i nord Kirkcolm, Leswalt og Lochans, og i sør Stoneykirk, Sandhead, Ardwell og Drummore.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rhins of Galloway» frå , den 3. juli 2011.

Kategori:Halvøyar i Skottland Kategori:Geografi i Dumfries and Galloway