mini|Det sivile venezuelanske flagget. mini|Det venezuelanske statsflagget. Det venezuelanske flagget er ein vassrett trikolor i gult, blått og raudt med ein stjerneboge i midtstripa. Det kan også ha riksvåpenet øvst til venstre. Flagget blei offisielt teke i bruk av Venezuela i 1811.
Flagget blei utforma av fridomskjemparen Franciso de Miranda i 1806. 3. august er flaggdagen i Venezuela (Día de la Bandera). Dagen viser til datoen då Miranda heiste flagget i Venezuela for første gong. Flaggdagen blei før 2006 feira den 12. mars etter ei tidlegare heising.
Soge Flagget blei utforma som ein rein trikolor av Franciso de Miranda i 1806, som først heiste det ombord skipet Leandro i Jacmel-bukta på Haiti den 12. mars 1806. 3. august same året blei det for første gong heist i Venezuela. 14. juli 1811 blei det heist som nasjonalflagg på hovudplassen i Caracas.
Den gule stripa blei dobla i vidde i 1819 då flagget blei brukt av Stor-Colombia. I 1836 blei stripene gjort like breie igjen og sju stjerner i ein runding blei lagt til i midten. Dei symboliserte provinsane som først erklærte sjølvstende frå Spania: Barcelona, Barinas, Caracas, Cumaná, Margarita, Mérida og Trujillo.
I 1954 blei riksvåpenet lagt til i øvre venstre hjørne. Denne endringa gjeld berre statsflagget, og dekkjer ikkje flagget brukt av sivile, handelsskip og liknande.
mini|Det venezuelanske flagget og ein statue av Simón Bolívar.
I 2006 blei dei sju stjernene utvida til åtte for også å rekna provinsen Guyana med til dei som erklærte sjølvstende. Dette var allereie blitt fastsett av Simón Bolívar i 1817 , utan at det då hadde fått følgjer. Det nye flagget blei innført av den mektige presidenten Hugo Chávez, som også fekk hesten i riksvåpenet vend frå høgre mot venstre. Endringane førte til sterke protestar frå opposisjonen i Venezuela.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008. The Flag Day (Día de la Bandera) ved FOTW Flags Of The World, flagspot.net Greg Morsbach, New Venezuela flag divides nation, BBC News, 13 March 2006
kategori:Venezuela Venezuela