Dee (walisisk Afon Dyfrdwy) er ei elv som startar i Wales, og renn omkring 110 km før ho går ut i sjøen nokre kilometer vest for Liverpool i England. Delar av elva dannar delar av grensa mellom Wales og England.

Elva spring ut i Snowdonia og munnar ut i sjøen mellom Wales og Wirralhalvøya i England.

Ved elva ligg det store Connah's Quay kraftverk i eit verna våtmarksområde som har Ramsar-status. Ein 27 km lang røyrleidning bringar naturgass inn til anlegget frå gassfelta i Liverpoolbukta.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dee (Wales)» frå , den 4. juli 2011.

Kategori:Elvar i Wales Kategori:Elvar i Cheshire Kategori:Elvar i Merseyside