Derwent er ei elv i Derbyshire i England. Ho er 106 kilometer lang, og er ei sideelv til Trent, som ho renn inn i sør for Derby. Namnet er keltisk, og tyder «dal med tett eikeskog».
Elva har utspringet sitt ved Bleaklow austom Glossop i Peak District. Ho renn gjennom Upper Derwent Valley, der ein finn dei tre vassreservoara Howden-reservoaret, Derwent-reservoaret og Ladybower-reservoaret. Ho bidreg så indirekte med vatn til Carsington-reservoaret gjennom tunnelar og akveduktar. Elva renn vidare gjennom Bamford, Hathersage, Grindleford og Baslow. Ved Chatsworth House renn Wye inn i Derwent. Etter å ha runne gjennom Darley Dale når ho så Matlock, før ho renn vidare forbi Cromford og gjennom Crich Chase naturreservat. Ved Derwent Mouth, halvannan kilometer austom Shardlow, munnar ho ut i Trent.
Derwent har gjeve kraft til mange bomullsfabrikker i dalen. Ein del av desse er verna som verdsarvstaden Derwent Valley-møllene.
mini|venstre|Derwent rett sør for Duffield.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derwent (Derbyshire)» frå , den 5. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Derbyshire Kategori:Peak District