Tame er ei elv i Stor-Manchester i England. Ho byrjar på vestsida av Penninane nordaust for Manchester og renn sørover til Stockport, der ho renn saman med Goyt og dannar elva Mersey. Elva drenerer eit nedbørfelt på 146 km². Delar av elva markerer den historiske grensa mellom Cheshire og Lancashire.
Elveløpet mini|venstre|Greenfield-reservoaret mini|venstre|Jernbane-viadukt over Tame Tame byrjar som ei minstevassføring frå Readycon Dean-reservoaret 2 km nordaust for landsbyen Denshaw på vestsida av Penninane, like ved grensa mellom Stor-Manchester og West Yorkshire. Vasskiljet går noko lengre nord på lyngheiene, på West Yorkshire-sida av grensa, like ved Pennine Way. Det høgaste punktet i nedbørfeltet er Black Chew Head (542 moh), som òg er det høgaste punktet i Stor-Manchester.
Frå kjelda renn elva hovudsakleg sørover gjennom Delph, Uppermill, Mossley, Stalybridge, Ashton-under-Lyne, Dukinfield, Haughton Green, Denton og Hyde. I byen Stockport flyt Tame til slutt saman med elva Goyt og dannar elva Mersey, som fortset mot vest til ho munnar ut i Irskesjøen ved Liverpool.
På 1800-talet medførte konsentrasjonen av industri i dei nemnde byane at Tame vart ein særs forureina vassveg. Tiltak mot forureining dei 30 siste åra av 1900-talet har resultert store betringa i vasskvaliteten. Rundt to tredjedelar av vassføringa ved samløpet ved Goyt har passert gjennom eit kloakkreinseanlegg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tame (Stor-Manchester)» frå , den 7. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Mersey Basin Campaign. Nettstad om oppreinskinga av Mersey og sideelvane 1985–2010
Kategori:Elvar i Stor-Manchester