Sgwd Henrhyd er det høgaste fossefallet i det sørlege Wales, med ei høgd på 27,4 meter. Det ligg i Brecon Beacons nasjonalpark i Neath Port Talbot, og området er eigd av National Trust.

Fossen ligg i dalen som blir danna av elva Nant Llech. Den næraste landsbyen er Coelbren, som ligg ved vegen mellom Glynneath og Abercrad. Ein når fossen via ein bratt sti ned i dalen, og han er eit populært turistmål.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sgwd Henrhyd» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Geografi i Powys Kategori:Fossar i Wales