Fransk (le français [lɘˌfʁɑ̃ˈsɛ]) er eit indoeuropeisk språk på den romanske greina. Det vert mellom anna tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (an, en /ɑ̃/ som i enfant [ɑ̃ˈfɑ̃] («barn»), on /ɔ̃/ som i maison [mɛˈzɔ̃] («hus»), in /ɛ̃/ som i cinq /sɛ̃k/ («fem») og un /œ̃/ som i brun [bʁœ̃] («brun»), ein labialisert u /y/ som i rue [ʁy] («gate»), skarre-r /ʁ/ som i Paris [paˈʁi] og schwa /ə/ som i cheval [ʃəˈval] («hest»).

Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).

Utbreiing

mini|400px|Utbreiingskart for fransk.

Fransk er offisielt språk i desse landa og territoria:

Land Infødde talarar Folketal   (omtrentleg tal) (juli 2003) Frankrike 51 949 900  60 180 600 Kongo-Kinshasa 702 400  55 225 478 Libanon 1 500 000  3 826 018 Canada 7 535 600  32 207 000 Elfenbeinskysten 1 614 500  16 962 500 Kamerun 643 900  15 746 200 Burkina Faso 140 300  13 228 500 Mali 140 800  11 626 300 Senegal 88 100  10 580 400 Belgia 3 807 000  10 290 000 Rwanda 153 600  7 810 100 Haiti 141 200  7 527 800 Sveits 1 515 700  7 318 638 Burundi 63 900  6 096 156 Togo 141 500  5 429 300 Den sentralafrikanske republikken 36 700  3 683 600 Kongo-Brazzaville 267 300  2 954 300 Gabon 109 200  1 321 500 Komorane 15 300  632 948 Djibouti 11 400  457 130 Luxembourg 21 600  454 157 Guadeloupe 110 400  442 200 Martinique 144 600  390 200 Vanuatu 2 900  200 000 Benin 191 200  7 862 944 Guinea 178 700  9 690 222 Réunion 170 600  787 584 Fransk Polynesia 142 900  274 578 Ny-Kaledonia 127 800  219 246 Niger 85 400  12 525 094 Tsjad 85 400  9 944 201 Fransk Guyana 39 900  199 509 Mauretania 21 000  3 177 388 Monaco 15 400  32 543 Mayotte 14 900  201 234 Saint-Pierre og Miquelon 6 700  7 026 Saint Martin 3 500  35 000 Saint-Barthélemy 3 200  7 000 Wallis- og Futunaøyane 1 300  16 025 Ekvatorialguinea 200  540 109 Seychellane 1 500  80 469 Madagaskar -    16 979 900

I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:

land folketal   (juli 2003) Algerie 32 810 500 Marokko 31 689 600 Mauritius 1 210 500 Tunisia 9 924 800

Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Franska» frå , den 11. februar 2013.

Kategori:Einskildspråk

Kategori:Galloromanske språk Kategori:Romanske språk Kategori:Språk i Algerie Kategori:Språk i Andorra Kategori:Språk i Belgia Kategori:Språk i Benin Kategori:Språk i Burkina Faso Kategori:Språk i Burundi Kategori:Språk i Canada Kategori:Språk i Den sentralafrikanske republikken Kategori:Språk i Djibouti Kategori:Språk i Ekvatorial-Guinea Kategori:Språk i Elfenbeinskysten Kategori:Språk i Frankrike Kategori:Språk i Gabon Kategori:Språk i Guinea Kategori:Språk i Italia Kategori:Språk i Kamerun Kategori:Språk i Kongo Kategori:Språk i Libanon Kategori:Språk i Luxembourg Kategori:Språk i Mali Kategori:Språk i Monaco Kategori:Språk i Niger Kategori:Språk i Rwanda Kategori:Språk i Senegal Kategori:Språk i Storbritannia Kategori:Språk i Sveits Kategori:Språk i Togo Kategori:Språk i Tsjad Kategori:Språk i Tunisia Kategori:Språk på Haiti Kategori:Språk på Komorane Kategori:Språk på Madagaskar Kategori:Språk på Mauritius Kategori:Språk på Ny-Caledonia Kategori:Språk på Seychellane Kategori:Språk på Vanuatu