Halvmånemaursmett (Herpsilochmus pectoralis) er ein liten, langhala maursmett i maurfuglfamilien Thamnophilidae. Han er endemisk for nordaustlege Brasil. Populasjonen er kategorisert som sårbar av IUCN, estimert til under 10 000 individ, og dei lever spreidde i små isolerte fragment frå delstaten Maranhão i nord til Bahia i sør. Dei har habitat i høg caatingaskog.
Halvmånemaursmetten er monotypisk, det vil seia at han ikkje har underartar.
Skildring Fuglen er 11–12 cm lang. Vaksne hannar har svart isse og nakke med kvite prikkar rundt issen, eit langt kvitaktig augebrynsstrekk, ein smal svart strek gjennom auget, og grå øyredekkfjør. Ryggen og overgumpen er grå, med ein svart og kvit flekk mellom skulderfjørene og kvitspissa stjertdekke. Vengene er svarte med kvitspissa dekkfjørene og svingfjørene har kvite kantar mot enden. Den ytste stjertfjøra er heilt kvit, den inste er svart med kvite kantar, og dei mellomliggjande er svarte med kvite tuppar. Hals og undersida er hovudsakleg kvit, med grå sider og flankar. Den svarte, halvmåneforma brystflekken er identifiserande for arten innanfor slekta Herpsilochmus og kan vere opphavet til det norske artsnamnet og det engelske namnet «Pectoral antwren».
Hoene har raudbrun isse, brunoliven rygg, beige kantar på svingfjørene, og beige sider på hals og kropp.
Utbreiing og leveområde Arten har ei usamanhengande utbreiing. Éi bestand finst lengst nordaust i Brasil, frå Rio Grande do Norte sørover til Sergipe og nordaustlege Bahia. Ei anna bestand finst lenger vest i Maranhão. I begge områda er arten lokal og ikkje vanleg. I Maranhão lever han i lauvfellande skog og galleriskog, i Rio Grande do Norte i restingaskog, og lenger sør i høg caatinga og eldre sekundærskog. Han held seg ikkje til eit bestemt nivå i skogen og finst frå havnivå opp til 850 meter over havnivå.
Åtferd Føda omfattar insekt og truleg edderkoppar. Han beitar aleine, i par, i familiegrupper eller i fleirartsflokkar. Han søkjer vanlegvis føda få meter over bakken, nokre gonger så høgt som 12 meter, og sjeldan på bakken. Han søkjer metodisk ved å plukke bytte frå blad, stenglar og lianar, gjerne ved å strekkje seg frå ein sitjeplass, eller ved å hoppe kort og plukke bytte i flukt. Arten følgjer ikkje hærmaur.
Songen er ei «lys, svært rask trille av tututjdrrrrrr-lydar, som stig brått og gjerne sluttar brått eller litt fallande». Lokkelætet er «ein flat caa-lyd».
Status Verdas naturvernunion IUCN har klassifisert arten som sårbar (VU) sidan 1994. Halvmånemaursmetten har ei fragmentert utbreiing, særleg i Maranhão. Det finst truleg berre mellom 2500 og 10 000 vaksne individ, og talet er truleg minkande. Trugsmåla er ikkje fullt kartlagde, men store delar av lauvskog er rydda for jordbruk og irrigasjon. Beiting og brenning er utbreidd i heile utbreiingsområdet. Arten finst berre i eitt verneområde, i Sergipe.
Kjelder
Artikkelen er basert på ei omsetting av «Pectoral antwren» frå , den 27. mai 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
BirdLife International (2014) Species factsheet: Herpsilochmus pectoralis . Henta frå http://www.birdlife.org den 21. august 2014.
Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Brasil Kategori:Fuglar i caatingaen