Petter Thoresen () er ein norsk ishockeyspelar og -trenar. Han har spelt for klubbane Manglerud Star, Vålerenga og Storhamar. I Vålerenga oppnådde han 367 poeng på 220 kampar, og dette gir han ein fjerdeplass på adelskalenderen i klubben.

Han blei som spelar Noregsmeister med Vålerenga fire gonger, og ein gong med Storhamar. Petter Thoresen har 92 landskampar og har deltatt i Olympiske leikar fem gonger. Han er far til hockeyspelarane Patrick Thoresen (SKA St. Petersburg) og Steffen Thoresen (Vålerenga).

Bakgrunnsstoff

kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske trenarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1994 Kategori:Ishockeyspelarar for Manglerud Star Kategori:Ishockeyspelarar for Storhamar Hockey Kategori:Ishockeyspelarar for Vålerenga Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo